nyhende

Lothepus om arkitekturprisen: – Stas når du veit at du har rett

Lothepus Camping vann årets heiderspris frå Arkitekturopprøret. Etter tidlegare kontroversar om bygget er ei stavkyrkje eller ikkje, vedgår ein stolt Leif Einar Lothe at sigeren smakte ekstra godt.

Publisert Sist oppdatert

Slik skildrar dei Lothepus-bygget

Slik vart kyrkja presentert av Arkitekturopprøret som ein av kandidatane folk kunne stemme på:

Stavkirker virker eggende på fantasien til alle som besøker dem. Med sin særegne blanding av kontinental basilikaarkitektur, norsk materialkunnskap og noe umiskjennelig arkaisk i detaljene, er de Norges mest unike bygningstype og har blitt brukt som forbilde i nye byggeprosjekter gjennom halvannet århundre.

Kjente bygninger som Frognerseteren og Holmenkollen kapell tar opp mange elementer fra denne byggjeskikken, mens moderne bygninger som Thamspaviljongen i Orkdal og rekonstruksjonene i Gol og Fantoft ofte har blitt omtalt som stavkirker. Nybygget på Lothepus Camping er verken et stavbygg eller en kirke, men kan nok låne Orkdals begrep «stavkirkebygning» med rette.

Her har nemlig Leif Einar Lothe og gjengen hans gått inn i tradisjonen med liv og lyst, og sammen skapt et bygg som preges av både formglede, moderne håndverk og nytolkning av eldgammel arkitektur – innenfor rammene gitt av vår tid.

– Det var veldig kjekt. Eg er sjølvsagt stolt over prisen og alle som har vore med og fått det til, seier Leif Einar «Lothepus» Lothe til Nynorsk pressekontor, etter at stavkyrkja hans på Lothe Camping i Odda er kåra til vinnar av Arkitekturopprørets pris 2025 i lag med Blindern Studenthjem i Oslo.

Rundt 15.000 personar stemde i kåringa av den vakraste bygninga i landet. Fordi mange stemde på same tid, gjekk teljemaskina surr delar av siste veke. Stemmetala er derfor ikkje nøyaktige, men dei to toppkandidatane har følgt kvarandre tett undervegs og organisasjonen har difor valt å gi prisen til begge, opplyser dei i ei pressemelding.

Gamal tradisjon

Arkitekturopprøret, som arbeider for ein meir harmonisk og vakker byggjekultur, omtalar Lothepus sitt stavkyrkjebygg som eit bygg som skriv seg inn i ein eldgammal tradisjon. I prisutdelingstala peika juryformann Kristian Hoff Andersen på referansar til vikingtid og mellomalderbygningar. Juryen framheva òg at bygget er reist på ei tidlegare søppelfylling som no er gjort om til ein møteplass i ei bygd med identiteten i støypeskeia.

– Me er veldig stolte over dei som har teikna, snikra og laga kyrkja. Og ikkje minst over dei som har utsmykka ho, seier Lothepus.

Lothepus sjølv var tydeleg glad etter å ha fått nyheita:

– Me er veldig stolte over dei som har teikna, snikra og laga kyrkja. Og ikkje minst over dei som har utsmykka ho, seier han på telefon til NPK.

Under nominasjonen vart kyrkja korkje presentert som eit tradisjonelt stavbygg eller ei kyrkje, men som «stavkyrkjebygning». Juryen framheva at bygget kombinerer moderne handverk med formglede og element frå eldgammal norsk arkitektur, og at Lothe og teamet hans har skapt noko unikt innanfor rammene av vår tid.

Kyrkje-kontroversen

Kontrovers rundt tittelen «stavkyrkje» har likevel prega debatten rundt bygget tidlegare. Kritikarar frå Noregs Kristne Råd og Fortidsminneforeningen har meint at det å marknadsføre bygget som ei «stavkyrkje» svekkjer både den religiøse og kulturhistoriske integriteten, og at konseptet utfordrar skiljet mellom kommersielle og heilaga funksjonar.

Rykande fersk heider til kyrkjeveggen.

Då er det litt ekstra stas å vinne pris for kyrkja si, seier Lothe:

– Eg synest det er kjekt. Eg kjende jo at alle har gått imot oss, og så berre bånnar me på. Det er sjølvsagt stas når du veit at du har rett, legg han til.

På delt andreplass kom eit offentleg toalett/trafo i Lademoparken i Trondheim og Pedersgate 26 i Stavanger.

Powered by Labrador CMS