nyhende
Lokalpolitikarar er sjanselause utan sosiale medium – må stå i netthets
Sosiale medium gjer den politiske debatten hardare, men er naudsynt for politikarane å nå ut, viser ein fersk studie.
Sosiale medium byr på negative kommentarar og i nokre tilfelle truslar. I ytste konsekvens kan sosiale medium føre til at færre deltek i politikken, åtvarar studien.
– Heile grunnlaget for lokalpolitikken er at vi får gode folk til å stille og at dei ikkje blir skremde av sosiale medium, seier Hilde Bjørnå, éin av tre forskarar som står bak undersøkinga.
Forskarane har intervjua 24 av 32 formannskapspolitikarar i dei tre største kommunane i Nord-Noreg. Studien viser at særleg kvinner er utsette for hets på sosiale medium.
Forskar Bjørnå understrekar at det ikkje berre er negative sider ved å bruke nye medium. Ifølgje henne ser dei fleste lokalpolitikarane både positivt og negativt på sosiale medium.
– Det er enkelt, når mange og noko dei beherskar.
I tillegg meiner ein del av politikarane at den nye teknologien bringar dei tettare på innbyggjarane, ifølgje studien.
(©NPK)