nyhende

Lokalmat i verdsklasse kan auka verdiskapinga i distrikta

Lokalmat og -drikke kan gjera fleire gardsbruk til turistmål etter at Noreg har hevda seg i internasjonale konkurransar, meiner organisasjonen Hanen.

Publisert Sist oppdatert

– Nordmenn kjøper det same heile tida, og me kjøper ofte utanlandsk. Å overtyda nordmenn til å endra handlevanane har vore veldig viktig for lokale produsentar. Det gjer at norske ystarar gjer det bra, seier dagleg leiar Bernt Bucher-Johannessen i organisasjonen Hanen til Nynorsk pressekontor.

Hanen jobbar for å marknadsføra norsk mat og norsk gardsturisme. Sterke lokalt foredla merkevarer kan få mykje å seia for ei lita bygd eller grend, meiner Bucher-Johannessen.

Ved å skapa attåtnæringar i tillegg til den daglege drifta på garden, kan ein bidra til verdiskaping i bygda. Eit eige ysteri eller cideri kan brått utviklast til små eller mellomstore bedrifter, som igjen kan bera frukter som lokalmiljøet kan hausta av.

Skapar stoltheit

– Det blir som ein flink skiløpar eller skihoppar. Resultatet blir noko som ein kan vera stolt over. Akkurat når det gjeld ost, så ser ein at det på dei siste seks, sju åra har kome inn mykje lokalprodusert ost i norske restaurantar, seier Bucher-Johannessen.

Og meir av det kan det bli. Om ein bonde vel å setta av ein del av mjølkekvoten sin til å ysta sin eigen ost, kan det by på spennande utfall. Bucher-Johannessen seier at meisterskapar som Oste-VM, Cider-VM og NM i honning kan vera ei moglegheit for bønder med attåtnæringar til å visa seg fram.

– Til dømes brukte Tingvollost, som held til på Nordmøre, Oste-VM som ein måte å nå ut i marknaden på. Dei vann prisar, inviterte lokalpressa og enda opp på Dagsrevyen. I dag er dei rundt 15 tilsette på garden. Det viser eit større spelerom for kva ein kan gjera når ein skal ta over ein gard, i staden for at det blir til berre eit bustadhus.

Gjera gardsdrift meir spennande

Kyr på beite. Mjølka treng ikkje å gå rett i butikk. Om ein tek ut litt til eige bruk, kan ein til dømes starta eige ysteri. På sikt kan ysteriet bli ein arbeidsplass for fleire tilsette.

Bucher-Johannessen seier at det ikkje er berre enkelt å driva med lokal foredling. Han understrekar at det er som å vera bonde elles, ein jobb med mykje hardt arbeid.

– Eg trur at viss du har odel og er interessert i å ta over garden, men opplever at den tradisjonelle produksjonen ikkje er så spennande, kan det å utnytta delar av kjøt- eller mjølkekvoten skapa ein større entusiasme og glede i det å overta, seier Bucher-Johannessen.

2010 var eit vippepunkt for lokalprodusert mat. Då skaut interessa og etterspurnaden frå butikkar i vêret.

– Det blei auka merksemd. Daglegvarekjedene blei veldig opptekne av lokale spesialitetar – mykje ost, men òg andre produkt.

Nye impulsar

Norsk landbruk har endra seg betydeleg det siste hundreåret. Før var det vanleg å både slakta og laga ost frå buskapen ein hadde på garden.

Men gjennom åra har det blitt både forbode, og tradisjonen har forsvunne mange stader. Frå rundt år 2000 byrja bønder å reisa rundt på konferansar for å få nye impulsar, fortel Bucher-Johannessen.

– I byrjinga var dette lite interessant for ein bonde godt oppi 50-åra. Ein var veldig prega av at det fanst éin måte å gjera ting på, og eg hugsar korleis mange gjorde Bondens Marked til lått, seier Bucher-Johannessen.

– Men det har blitt veldig viktig. For no har gardsbutikkar blomstra opp, og ein har moglegheit for å skapa ei næring til på bruket. Og det har gjerne vore ein del av utfordringa med gardsbruka. No kan ein utnytta ressursane på garden.

Hanen har prøvd å ta tak i dette og ønsker å legga til rette for at slike tradisjonar kan hentast fram igjen. Organisasjonen har særleg valt å fokusera på tre kategoriar, nemleg ost, fruktvin og honning.

Garden som turistmål

Noreg har ein mangfaldig osteproduksjon.

Noreg har dei siste åra utmerkt seg i internasjonale tevlingar innan både ost og cider.

Mindre sentrale delar av landet som Flåm i Sogn, Geiranger på Sunnmøre og Preikestolen i Ryfylke har blitt ynda turistmål. Bucher-Johannessen trur ikkje at ein skal kimsa av at gardsmat- og annan turisme som gjer at tilreisande stoppar på vegen.

– Lokal foredling treng ikkje berre å vera sal av eit mat- eller drikkeprodukt, men òg bygningar som blir brukte til matservering og overnatting.

– Det at utlendingar kjem og set pris på og til og med rosar lokalt foredla produkt trur eg òg at gjev ei stoltheit som er viktig, seier Bernt Bucher-Johannessen i organisasjonen Hanen.

Powered by Labrador CMS