nyhende

Nabovarsel kan vere lurt å gi før nyttårsfeiringa. Illustrasjonsfoto: Shutterstock
Nabovarsel kan vere lurt å gi før nyttårsfeiringa.

Lokale reglar og råd til nyttårsfeiringa

Du kan ikkje bryke fyrverkeri heile døgnet – og her er råda for å behalde eit godt naboskap etter feiringa.

Publisert Sist oppdatert

VESTAVIND/NPK: Sveio kommune minnar i samarbeid med Haugaland Brann og Redning om kva tidspunkt det er lov å nytte fyrverkeri, på si nettside.

Tidpunktet er mellom klokka 18 nyttårsaften og fram til klokka 02 den 1. januar.

— Fyrverkeri kan sendast opp dei fleste stader, men vi råder til å ta hensyn til menneske, dyr og bygningar/kjøretøy.

— Må tole litt meir støy

For mange er det ein viktig tradisjon å kunne møte gode venner eller familie på nyttårsfesten. Likevel er det somme forholdsreglar ein burde ta før ein inviterer.

– Litt meir støy må vi tole kring nyttår og julefeiring, men ikkje meir enn at ein kan leve med det. Ein må hugse at ordensreglar og vedtekter i burettslag og sameige framleis gjeld, seier Line Bjerkek, advokat og fagleg leiar ved advokatkontoret i Norsk Boligbyggelag (NBBL) i ei pressemelding.

Nabovarsel og opprydding

Bjerkek minner om at det kan vere lurt å varsle naboar om festen på førehand, og gi naboen moglegheit til å kontakte deg dersom lydnivået blir plagsamt. Ta ein hyggjeleg prat med naboen i trappa, legg lapp i postkassa eller heng opp ein lapp i oppgangen der du bur, foreslår advokaten.

Det er òg greitt å hugse på å rydde opp etter seg dersom ein har nytta fellesareal som takterrasse eller andre uteområde.

– Dersom det oppstår usemje om støy eller forsøpling er det gjerne lurt å overlate oppfølging av brot på ordensreglar til styret. Å vere raus og romsleg der ein kan, er ein god leveregel også i burettslag og sameige, understrekar Bjerkek.

Fyrverkeri-tips

• Forbered fyrverkerioppskytinga.

• Sjekk at fyrverkeriet ikkje er skada.

• Les bruksanvisninga nøye og følg råda for sikker avstand ved oppskyting.

• Fyrverkeriet må stå stødig og skal ikkje kunne velte.

• Beskytt augene – bruk beskyttelsesbriller.

• Hold god avstand – anbefalt sikkerhetsavstand er minst 25 meter.

• Bruk tennstav for å antenne fyrverkeriet.

•Sitt på huk, tenn lunta med strak arm og fjern deg straks lengst mogeleg unna.

• Bøy deg aldri over antent fyrverkeri.

• Ikkje tenn på fyrverkeri 2 gongar! Fyrverkeri skal berre tennes på ein gong. Dersom du prøver igjen, kan eksplosivene bli tent før du rekk å komme deg unna. Dersom fyrverkeriet ikkje antennes etter første forsøk, vent minst 30 minutt, dynk med vatn og lever det tilbake til forhandlar.

• Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman.

 Bruk av stjerneskudd:

• Stjerneskudd skal brukast utandørs.

• Ikkje tenn fleire stjerneskudd samtidig. Dersom fleire vert tent samtidig, kan flammene bli store, dei kan brenne svært hurtig og gjere skade.

• Bruk beskyttelsesbriller – gjelder også born. Du kan få beskyttelsesbriller der det vert selt fyrverkeri.

• Ikkje vift stjerneskuddet foran ditt eige eller andre sitt ansikt

• Ikkje gi fyrverkeri til born – det er 18 års grense for kjøp og bruk av fyrverkeri. Dette gjeld også mange stjerneskudd, men det finst stjerneskudd og andre fyrverkeriartiklar som er godkjent for personer under 18 år. Desse kan brukast av born og bør kun brukast dersom vaksne passar på at det vert brukt riktig og at bruksanvisninga vert følgt nøye.

Kjelde Sveio kommune/Haugaland Brann og Redning

Powered by Labrador CMS