nyhende

breiband
Illustrasjonsfoto.

Lokale pengar til breibandsutbygging

Publisert Sist oppdatert

I september blei det kjend at Sveio kommune får 7 950 000 kroner i tilskot frå Vestland fylkeskommune, som skal gå til breibandsutbygging.

Som ei følgje av dette, må Sveio kommune bidra med ein eigenandel på 25 prosent av summen, som tilsvarar 1 987 500 kroner.

Det var politikarane som gjekk inn for å søkja fylkeskommunen om pengar i juni, derfor er det ikkje så uventa at dei også er positive til å bidra med eigenandelen. Tonen var i alle fall positiv i formannskapet sist veke – som einstemmig vedtok å støtta saka.

Rådmannen meiner at dette vil sikra dei fleste fastbuande og bedrifter i Sveio eit breibandtilbod med høg hastigheit.

I søknaden er desse områda framheva:

  • Åsbø-Kinn
  • Apeland/Dynjo
  • Nordskog, Grimstvedt, Færås, Rossehaug
  • Håvardsholm/Bjørga/Buvika
  • Vigdarheim
  • Flatnesveien

Dersom kommunestyret også går inn for å løyva midlar 7. desember vil det bli lyst ut anbodskonkurranse med forhandling på nyåret, opplyser Kenneth Tollefsen i Sveio kommune.

– Formelt vil Vestland fylkeskommune lysa ut konkurranse for alle kommunane som har fått tilsegn samla. Kvar kommune vil ta del i forhandlingar, og deretter stå for gjennomføringa av sine prosjekt. Fylkeskommunen ventar at dette kan vera gjennomført til sommaren 2021. Konkret framdrift i dei ulike områda vil vera avhengig av resultat frå konkurransen, seier kommunalsjefen.

Powered by Labrador CMS