nyhende
Lokalavis vekte internasjonal oppsikt med avsløring om kongehuset
Den no nedlagde avisa Sunnmøre Arbeideravis (SA) vart sitert over heile verda etter at dei i 1964, fire år før forlovinga, melde at kronprins Harald ynskte å gifte seg med ei Oslo-kvinne utan blått blod i årene.
Den legendariske SA-journalisten Elias B. Reite hadde så gode kjelder på Skaugum at han kunne slå fast at kronprinsen hadde bestemt seg, lenge før det vart offisielt. Slottet gjekk ut og dementerte, men avisa med tilhald i Ålesund, stod på sitt.
SA stolte fullt og fast på kjelda eller kjeldene dei hadde.
Slottet sende ut ei pressemelding om at kronprins Harald slett ikkje hadde planar om å gifte seg borgarleg, men det hjelpte ikkje. Diskusjonen om kjærleikslivet til kronprinsen var i full gang.
«Tette band til kongehuset»
Og meldinga frå den vesle arbeidarpartiavisa vart raskt plukka opp av både norske og utanlandske aviser. Den engelske storavisa Daily Mirror var blant dei som slo saka stort opp og siterte Sunnmøre Arbeideravis, «ei avis med nære band til det norske kongehuset», som det stod.
Dette var altså ei avis med nokre få tusen abonnentar, med få lesarar utanfor Sunnmøre, ei av dei minste dagsavisene i landet.
Også tyske Bild-Zeitung gjorde i si sak eit nummer ut av dei nære banda avisa hadde til dei kongelege.
Den danske avisa Information hadde ein eigen vri med eit retorisk spørsmål: Ville det eigentleg vere så ille om den norske kronprinsen gifte seg med ei jente som har norsk blod i årene?
Den engelske tabloidavisa Daily Sketch drog det ekstra langt då dei påstod at det var kong Olav sjølv som var kjelda til Sunnmøre Arbeideravis. Han gjorde det, skreiv avisa, for å få eit inntrykk av korleis nordmenn stilte seg til at kronprinsen gifte seg borgarleg. Avisa er no nedlagt.
«Henger det norske monarkiet i ein tynn tråd?», stod det i første lina i SA-artikkelen. Her slår journalisten fast at kronprins Harald ikkje vil ha nokon av dei mange kvinnene med kongeleg eller adeleg familiebakgrunn, som vekeblad og aviser både i inn- og utland prøvde å kople han med.
Ettertrakta ungkar
Eit blad karakteriserte den norske kronprinsen som den åttande mest ettertrakta ungkaren i verda.
«Kronprinsen er forelsket i en høyst borgerlig Oslo-jente, og får han ikke henne, vil han forsette som ungkar. Det forteller i alle fall ryktene i kretser som står hoffet nær», heiter det i artikkelen i Sunnmøre Arbeideravis laurdag 15. august 1964.
I artikkelen står det vidare at kong Olav var sympatisk innstilt til ynskja til kronprinsen, men at Harald støytte på vanskar av konstitusjonell karakter.
«Saken skal ha vært lufta i regjeringsmøte, og Kongens råd stilte seg avvisende », skreiv avisa vidare.
Seinare skal regjeringa ha sagt at dei ikkje vil setje seg i mot at kronprinsen skulle gifte seg borgarleg, men at dei heller ikkje ville seie eit klart ja til det.
Dronningskule i Sveits
Elias B. Reite skriv vidare i artikkelen 15. august 1964 at den utkåra, som ikkje vart namngitt, gjekk på den såkalla «dronningskulen» i Sveits, der prinsesse Astrid i si tid var elev. Dette vart tolka som eit teikn på at kronprinsen og kongen enno ikkje hadde gitt opp håpet om at Harald skulle få gifte seg borgarleg utan å miste krona.
Og det heiter vidare:
«Mens desse ryktene svirrer, vasser en tilsynelatende bekymringsløs kronprins omkring i Lærdalselva og fisker laks. Her har han flaks. Han drar på land den ene laksen etter den andre».
Artikkelen fortel også at kronprinsen var gjest hos skipsreiar Astrup i Lærdal, slik han hadde vore dei siste somrane.
Spådde slutten på monarkiet
Etter dette oppslaget var det fleire aviser som spådde at monarkiet ikkje ville overleve om kronprinsen skulle velje å gifte seg med ei «jente av folket». Sunnmøre Arbeideravis skreiv på leiarplass at dersom Harald gifte seg borgarleg, ville det ikkje lenger vere noko monarki etter kong Olav.
Reidar Skarbø, som byrja å jobbe i SA fleire år etter oppstyret i 1964, fortel til Nynorsk pressekontor at etter dette oppslaget bestilte Det kvite hus i Washington to halvårsabonnement på avisa. Det vart snakka mykje om dette skupet i avishuset i årevis etterpå, seier han.
Han seier at Elias B. Reite heldt hemmeleg for dei andre journalistane kven som var kjelda hans, men han sa at tipset kom frå Skaugum.
– Elias B. Reite var ingen sensasjonsjournalist. Eigentleg hadde han gøymt hovudpoenget langt nede i saka han skreiv, fortel Skarbø.
Piffa opp saka
Det var ein vaken redaksjonssekretær, Kjell Langholm, som såg sprengstoffet i saka, og som skreiv henne litt om og la på litt meir spenstig tittel, fortalde Elias B. Reite sjølv i eit intervju med Sunnmørsposten i 1991.
Nils Erik Langva fekk jobb i SA rett etter at han var ferdig med militærtenesta, og han kom til å dele kontor med Elias B. Reite. Det var fleire år etter den kongelege avsløringa, men historia frå 1964 levde i avishuset i mange år etterpå, fortel han. Det var eit lurveleven utan like, vart det fortalt. Telefonen stod ikkje.
– Dei ringde til Elias frå heile Europa, og han svarte så godt han kunne på det vesle han kunne av engelsk og tysk. Eg hugsar ikkje alle detaljane, og eg er redd for å blande saman det som verkeleg skjedde med dei historiene som har gått om det opp gjennom åra. Men at det var eit skikkeleg oppstyr, er det ingen tvil om, seier han.
Dette stadfestar også dei tidlegare journalistane Johan Kaare Tenfjord og Petter Sandvik overfor NPK.
– Kom frå Sonja sin munn
I eit intervju med Sunnmørsposten 24. januar 1991, like etter at kong Olav døydde og kronprins Harald vart ny konge, fortalde Elias B. Reite sjølv om det som skjedde.
– Eg kan seie så mykje at nyheita kom frå Sonja sin munn, men kven som kom til meg med det, vil eg ikkje ut med, sa han til avisa den gongen. Då var han 75 år gammal og pensjonist. Han gjekk av i 1982, tre år før Sunnmøre Arbeideravis gjekk konkurs og vart avvikla.
Han vedgår i intervjuet at han ikkje hadde tenkt seg noko storoppslag, for dette med sensasjonar var liksom ikkje hans stil.
Langva karakteriserer Elias B. Reite som ein stillfarande kar, men med stor arbeidskapasitet. Det kunne verke som om han leverte fleire saker på ein dag enn det vi andre gjorde på ei heil veke, minnest han.
Kjelde på Skaugum
Når det gjeld kven som var kjelda for opplysningane Reite brukte i artikkelen, er det fleire versjonar. Dei fleste er samde om at kjelda var på Skaugum, men det er litt uklart om det var ein vernepliktig eller om det var ein eller ei som var sivilt tilsett.
Det har vore snakka om at det var nokon som jobba på kjøkkenet, men andre meiner det var ein person som hadde jobben sin på uteområdet. Det var ein person som med eigne auge hadde sett litt av kvart, blant anna at den noverande dronninga vart smugla inn på Skaugum, slik at kongen ikkje skulle oppdage det.
Dei tidlegare kollegaene til Reite trur alle at kjelda til opplysningane kom frå ein sambygding av vedkommande som jobba på Skaugum. Elias B. Reite var opphavleg frå sunnmørskommunen Herøy, sjølv om han størstedelen av livet budde i Ålesund.
Den offisielle meldinga
19. mars 1968, over tre og eit halvt år etter oppslaget i Sunnmøre Arbeideravis, gjekk denne meldinga ut frå kong Olav V til Stortinget:
«Jeg har herved den glede å kunne meddele Dem, herr President og Norges Storting, at jeg, etter ved Statsministeren å ha søkt råd hos regjeringsmedlemmene, hos Dem herr President og de politiske gruppers parlamentariske ledere, herved gir mitt samtykke til at min kjære sønn, kronprins Harald, i dag inngår forlovelse med frøken Sonja Haraldsen, datter av avdøde Karl August Haraldsen og gjenlevende hustru Dagny, født Ulrichsen.»
Brullaupet til kronprins Harald og Sonja Haraldsen vart halde 29. august 1968.