nyhende

Så langt har årets demensaksjon gitt 2.885.000 kroner, det er under halvparten i forhold til i fjor.
Så langt har årets demensaksjon gitt 2.885.000 kroner, det er under halvparten i forhold til i fjor.

Lokal innsamling med halvert resultat

Demensaksjonen 2020 har berre fått inn halvparten så mykje pengar som fjoråret. Det viser tal frå Nasjonalforeningen for folkehelsen.

Publisert Sist oppdatert

– Årets aksjon var digital grunna koronapandemien, difor hadde me ikkje så høge forventningar i forkant. Men me klarte å tippa over 40 000 kroner, og det er me godt nøgde med sjølv om me i fjor fekk inn det doble, kommenterer Kari Våg Lie, leiar i Einstadbøvoll helselag.

Ifølgje Våg Lie sørgja helselaget for at alle medlemmene fekk ein bankgiro i postkassa, som eit alternativ til Vipps. I tillegg har dei nytta seg av sosiale medier. På vegne av styret vil ho takka alle som var med og støtta aksjonen, som trass alt gjekk bra.

Nær 2,9 millionar kroner

Årets demensaksjon starta på den internasjonale Alzheimerdagen 21. september og blei avslutta søndag 27. september. Mange heiv seg ut i det digitale aksjonen, på nasjonalt plan har aksjonen så langt skaffa 2 885 000 kroner.

Midlane går uavkorta til Nasjonalforeningen for folkehelsen, og blir fordelte på tre viktige hovudområde; forsking, informasjon og opplæring, samt frivillig arbeid for personar med demens og deira pårørande for å betra livskvaliteten deira.

Meir kunnskap og aksept

– Demens er ikkje lenger eit negativt lada ord, det er blitt større aksept blant folk om at dette er ein hjernesjukdom. Det gjer det lettare for familiar som er råka, miljøet rundt, og ikkje minst for det kommunale hjelpeapparatet, seier Ingvild Tjønn Hansen, dagleg leiar ved fylkeskontoret for Hordaland og Sogn og Fjordane.

Powered by Labrador CMS