nyhende

Lokal heks med flott bodskap

Heksa på Liereid gjekk sjølv på ein smell i mørketida og krasja i eit tre på Liereid. No gjer ho opp for både knekt stoltheit og sopelim og betrar trafikktryggleiken for andre i nærområdet.

Publisert Sist oppdatert

Politiet har ikkje kjennskap til ulukka og nødetatene vart heller ikkje varsla då ei heks nyleg krasja i ei trestamme på Liereid. Rett nedanfor står eit busskur, noko som kan ha vore opphavet til ulukka. Ifølgje Heks, Miljø og Sikkerheit (HMS)-handboka til Statens Heksevesen skal det eigentleg ikkje vera trestammer rett ovanfor eit busskur, nøyaktig grunna slike hendingar.

Tidspunktet for ulukka er heller ikkje kjend, og den råka heksa heng framleis i treet som ei åtvaring til andre passerande. Men, der andre ville latt ein luftbåren kollisjon stansa høgtidsgleda si, har den lokale heksa snudd det til noko positivt og teke i bruk noko verkeleg magisk, det skrivne ord:

– Eg ser ikkje deg heller utan refleks, står det på skiltet ho har spikra på ulukkestreet.

Passerande i bil og til fots i området oppmodast om å nytta refleks langs vegen i området, og hekser oppmodast om enten hovudlykt og/eller hjelm når dei er ute og flyr.

Powered by Labrador CMS