nyhende

Lokal Facebook-gruppe invadert av utanforståande med hets mot Pride

Facebook-gruppa for Auklandshamn måtte stenga kommentarfeltet etter å blitt invadert av utanforståande som kritiserte eit Pride-arrangement. Blant kommentarane var ein kjend høgreekstremist frå Austlandet. – Eg synest det er kjempeleit, seier Gerd Jorunn Christensen.

Publisert Sist oppdatert

Onsdag 29. mai delte Gerd Jorunn Christensen, administrator i Facebook-gruppa «Ka skjer i Auklandshamn», eit Pride-arrangement for sveibuar som skulle til paraden i Haugesund. Nokre dagar seinare måtte ho stenga kommentarfeltet grunna grov språkbruk, usakleg oppførsel og hets.

– Eg hadde forventa litt blanda respons for å være heilt ærleg, seier Christensen før ho understrekar noko veldig viktig:

– Eg tenkte ikkje at det skulle koma folk som er såpass fjerne frå vår bygd med sånne kommentarar, seier ho.

Ikkje lokale

Kommentarfeltet vart nemleg invadert av fleire personar som ikkje høyrer til korkje i Auklandshamn eller Sveio, og som alle hadde til felles sterk motstand mot Pride.

– Var det nokre lokale som var ufine?

– Nei, det var ingen lokale som skreiv noko stygt som eg har sett. Og det er eg veldig glad for, seier Christensen.

Sjølv er ho tydeleg på at ho ser på Pride som ei markering for kjærleik.

– At nokon meiner homofili er ei synd, at me ikkje skal flagga, det er forsåvidt greit. Dei skal få meina kva dei vil, men det som kom etter kvart var ikkje greit, seier ho.

Fekk sjokk

Det vart synleg då kommentarfeltet i Auklandshamn fekk uønskt besøk frå andre delar av Noreg:

– Kvifor skal me heisa flagg for hor og syndig liv?

– Eg vert så jævla lei pridedriten.

– æsj fysj ligg unna borna våre.

Vestavind har gjenfortalt, og rettskrive, tre kommentarar som er dømer på noko av det som stod i kommentarfeltet. Vidare var flagget til pridemarkeringa omtalt som «pedoflagg» og ein annan skreiv at hendinga ikkje var noko å vera stolt over.

Christensen vart varsla av fleire då kommentarane byrja å koma, og fekk sjokk over kor omfattande det var.

– Auklandshamn er ikkje verdas navle, og det har fått ei vanvittig rekkevidde, seier ho.

Høgreekstremist sette trist rekord

3.636 personar er nådd av innlegget, noko Christensen fortel er rekord for gruppa deira.

– Då er det kjempesynd at det var noko som er så negativt, seier ho.

Christensen trur ho veit forklaringa, og peikar på algoritmen til Facebook som jobbar for å auka engasjement hos deira brukarar. For ein offentleg person med ekstreme meiningar kasta seg også med.

– Då fekk nok følgjarane hans sjå det. Noko som berre førte til meir, seier ho om dei stygge kommentarane.

Christensen står att skuffa over hendinga, men synest det samstundes var fint å sjå folk ta til motmæle mot dei stygge kommentarane.

– Eg skreiv sjølv at mangfald og kjærleik ikkje er farleg. Det er eit arrangement som folk kan velja å delta på, ingen plikt eller tvang, avsluttar Christensen.

Powered by Labrador CMS