nyhende
Løftar talarstolen frå kjellaren og opp på veggen
Ei indre uro sende fotograf Erlend Berge ut på sju års leiting etter talarstolar. Fotoutstillinga hans enda opp med bilde av både podkaststudio og bruskasser. Talarstolen har blitt demokratisert meiner forfattar Frode Grytten.
På eit ungdomshus i Lofoten hadde Erlend Berge avtalt å ta bilde av ein gammal talarstol. Men då han kom fram var den vekke.
– Han som hadde nøkkelen til huset, skjønte ikkje kvar den hadde blitt av.
Etter ein ringerunde i bygda blei talarstolen funnen i ein konteinar på fiskehamna. No heng han på veggen i Berges fotoutstilling.
– Kva er appellen i desse forlatne og forkasta talarstolane?
– Dei er ikkje kasta, men tekne vare på, seier fotografen.
Gir tolkingsrom
For Berge starta fotoprosjektet med ei uro. Ei kjensle av at noko var i ferd med å gå tapt. I ein campervan reiste han landet på langs på leit etter talarstolar.
– Eg vil løfte dei fram frå kjellarar, bakrom og scenegolv. For meg så pustar, slåst og applauderer talarstolane. Dei har levd eit langt liv og er fulle av historier.
På reisa si oppsøkte Berge tallause kommunehus og gamle ungdomshus. Sjølv om husa var lagde ned, så hadde ein i mange bygder tatt vare på talarstolen.
– Ofte var talarstolen eldre enn bygget som han stod i, seier Berge til Nynorsk pressekontor.
Bilda i fotoutstillinga finn du også i boka «Kjære alle saman!», som kom i fjor. På bilda er det berre talarstolar, ingen menneske.
Hugsar det annleis
– Det gir eit tolkingsrom. Det gir meg moglegheit til å føre inn det som er menneskeleg, seier Frode Grytten, som har laga tekst til bilda.
Eit av dei første bilda Berge tok var i Odda, heimbygda til Grytten. Der reiv dei Folkets hus. Men talarstolen tok dei vare på.
Forfattaren og fotografen utveksla bilde og tekstar om talarstolar i sju år, etter at dei først møttest på fotofestivalen Nordic Light i Kristiansund.
– Då kom Erlend springande etter meg og spurde om vi skulle lage ei bok i lag, forklarer Grytten.
– Eg hugsar det annleis, seier Berge.
– Han har jo gjenfortalt den historia, men eg hugsar det sånn at eg berre helste på han i baren.
Uansett så likte dei kvarandre sine tidlegare bøker og Grytten blei med på Berges talarstolprosjekt. Men i utstillinga er det ikkje berre klassiske talarstolar som er avbilda.
Det smale blei breiare
Berge har også tatt bilde av podkaststudioet til Sophie Elise, bruskassa til SIAN (Stopp islamiseringen av Norge)-leiar Lars Thorsen og den blodige talarstolen i moskeen etter terrorangrepet i Bærum i 2019.
– Viss du snakkar om talarstol i dag, så meiner du gjerne ikkje ein fysisk talarstol, men det å gi eller nekte nokon ein talarstol, seier Berge.
Prosjektet som i utgangspunktet var litt smalt blei breiare og breiare, forklarer Grytten.
– Det har skjedd ei slags demokratisering av det å ha ordet i det offentlege. Det å gå på ein talarstol tilhøyrde i stor grad ein elite opp til ganske nyleg. Men i dag er dei erstatta av podkastar, av folk som har sin eigen mikrofon i eit kjellarlokale.
Grytten meiner at det som blir sagt frå ein talarstol ikkje blir tatt for god fisk i same grad som før. Han viser til då statsminister Jonas Gahr Støre blei avbroten under 1. mai talen sin i år.
– Det er sånn som skjer fordi ein ikkje nødvendigvis gir autoritet til den som står på den talarstolen. Det er ikkje automatikk i det lenger.
Står igjen som monument
Frå 6. til 29. juni er talarstolane til Berge på utstilling i Fotografiens hus i Oslo. Den 9. til 25. juni er det utstilling i Stavanger, og den 25. juni til 25. juli kan du sjå bilda på Jørpeland.
Fotografen meiner talarstolane står igjen som monument etter oss og det offentlege ordskiftet.
– Dei er monument etter ei tid som har vore og tida me er i no, seier Berge.