nyhende

LO og YS: Over 26.000 kommunetilsette kan bli tekne ut i streik frå 3. juni

LO og YS: Over 26.000 kommunetilsette kan bli tekne ut i streik frå 3. juni

Publisert Sist oppdatert

Desse kan bli tekne ut i streik i nærliggande kommunar:

  • Haugesund kommune 151 tilsette
  • Karmøy kommune 163 tilsette
  • Stord kommune 37 tilsette
  • Kvinnherad kommune 143 tilsette

Dersom partane i kommuneoppgjeret ikkje blir samde, går over 8500 ut i streik i morgon. Frå 3. juni blir ein eventuell streik kraftig trappa opp.

Frå før har LO og Fagforbundet varsla at 8275 kan gå ut i streik frå i morgon. YS har varsla over 479.

Frå 3. juni kan ytterlegare rundt 17.500 bli tekne ut.

Meklinga går føre seg med frist ved midnatt.

Vestavind har gått gjennom dei ulike listene som viser kven som kan bli tekne ut ved midnatt, utan å finne nokon frå Sveio.

Rådmann i Sveio kommune, Jostein Førre, opplyser i ei tekstmelding til Vestavind at heller ikkje kommunen har fått melding om at nokon i Sveio blir omfatta i denne omgangen.

Powered by Labrador CMS