nyhende
LO-leiaren: Streiken er viktig for alle
Blank løgn, seier LO-leiar Peggy Hessen Følsvik om påstanden til arbeidsgivarsida om at alle ville fått reallønnsvekst. NHO meiner streiken er unødvendig. No hardnar frontane til i lønnsoppgjeret.
Måndag gjekk 25.000 LO- og YS-tilsette ut i streik etter at det søndag vart brot i meklinga med NHO. Ei opptrapping på 15.000 er varsla fredag.
Klare til å trappe opp ytterlegare
Måndag formiddag møtte LO-leiaren streikande bygningsarbeidarar på Youngstorget i Oslo. Der gjorde ho det klart at LO er klar til å trappe opp streiken ytterlegare.
— Vi skal halde fram denne streiken til vi har oppnådd dei måla vi har sett oss, lova ho til stor jubel frå dei streikande.
– Den kampen dei no står i, vil få noko å seie for alle, slo ho fast.
— Dei som har hatt dei største utfordringane desse siste åra, er dei som ligg nedst på lønnsskalaen. Det er desse som er årsaka til at vi er i streik. Hadde vi akseptert skissa som riksmeklaren la fram i helga, ville det betydd at dei som i dag tener minst, ville halde fram med å ha reallønnsnedgang i år. Det kunne vi ikkje akseptere, sa ho.
LO: Snakkar usant
Leiar i Norsk Industri Stein Lier-Hansen sa måndag til NRK at alle ville fått reallønnsvekst med skissa som riksmeklar Mats Wilhelm Ruland la fram i helga.
Det reagerer LO-leiaren kraftig på.
— Når Stein Lier Hansen seier til NRK at alle medlemmene våre ville fått kjøpekraftauke med tilbodet som låg på bordet, så er det blank løgn, seier Hessen Følsvik til NTB.
— Skal ein først leke frå teiepliktige forhandlingar, bør ein halde seg til sanninga, og ein bør fortelje heile sanninga.
— Sanninga er at vi gjennom meklinga aldri var i nærleiken av ei skisse eller eit tilbod som ville gitt reallønnsvekst for alle LOs medlemmer, seier ho.
Sentralt vs. lokalt oppgjer
Ettersom årets prisvekst er anslått å bli 4,9 prosent, måtte lønnsoppgjeret ende på 5 prosent eller meir for å gi auka kjøpekraft.
Fleire medium gjengav måndag formiddag detaljane i skissa riksmeklaren la fram for partane. Der blir det foreslått
- eit sentralt tillegg til alle på 1,9 prosent
- overheng på lønnstillegget som vart gitt i fjor på 1,4 prosent
- lokalt lønnstillegg, såkalla lønnsgliding, på 1,9 prosent
Dette ville til saman gitt ein lønnsauke på 5,2 prosent.
Men store grupper, som hotell- og restaurantarbeidarar og reinhaldsarbeidarar, har liten eller ingen moglegheit til lokale lønnsforhandlingar, blir det påpeika frå LOs side.
Utan lokale forhandlingar ville oppgjeret dermed i verste fall ende på 3,3 prosent for desse gruppene, med andre ord ein solid reallønnsnedgang.
– Det held ikkje at ramma er vid, viss ikkje ein er villig til å fylle ho med dei kronetillegga som skal til for å sikre kjøpekraftauke. Mange av medlemmene våre i låglønnsbransjar og kvinnedominerte yrke ville ikkje klart å få ut store nok lokale tillegg til at det hadde gitt kjøpekraftauke, seier Hessen Følsvik.
LO har heile tida meint at det meste av oppgjeret må skje sentralt, medan NHO har vilja ha større rom for lokale forhandlingar fordi den økonomiske situasjonen i bedriftene er høgst ulik.
— Unødvendig streik
NHO-sjef Ole Erik Almlid omtaler på si side streiken som «unødvendig».
— Vi fryktar at streiken vil gå hardt ut over både bedrifter og arbeidsplassar, seier han til NTB.
— Vi har stor forståing for at det er krevjande tider for mange arbeidstakarar. Men det siste vi trong no, er ein øydeleggjande konflikt i allereie svært krevjande tider med store forskjellar i situasjonen for bedriftene.
— No må vi konsentrere oss om å få slutt på ein unødvendig streik som rammar bedrifter og arbeidsplassar over heile landet. NHO er nøydde til å opptre ansvarleg i ein slik situasjon, slik at vi unngår ytterlegare pris- og renteheving. Det går hardt ut over norske arbeidstakarar og bedrifter, seier Almlid.
Årets oppgjer er eit såkalla mellomoppgjer, der det berre blir forhandla om lønn. Det er første gong det er ein streik i eit mellomoppgjer i etterkrigstida.
Sist gong LO gjekk til streik, var i 2000. Også den gongen streika arbeidarane for meir lønn, og til liks med dagens streik rasa mange over høge leiarlønningar. Streiken var over etter ei veke.