nyhende

Livet tok ei brå vending

Det er 30. september og kommunestyremøte. Arne Valen kjem seg gjennom kvelden trass sterke smerter. Få dagar seinare får han den tøffe beskjeden om at det han har trudd var ryggvondt er noko langt meir alvorleg.

Publisert Sist oppdatert

– I sommar har eg gått og hatt smerter i ryggen. Det er ikkje så uvanleg når me har eit småbruk og andelslandbruk. At du tar nokre tak, og så får du smerter i ryggen. Eg var difor ikkje uroleg, men tok kontakt med fastlegen, som bestilte CT av ryggen på Haugesund sjukehus.

Valen fekk time 2. oktober. Dagen etter ringer fastlegen. Han hadde fått melding frå radiologen som ba om at fastlegen kalla Valen inn snarast for å fortelja resultatet.

– Ei skikkeleg sjokkarta melding

– 3. oktober køyrde eg til fastlegen, og då fortalde han at eg har kreft i spiserøret med spreiing til skjelett, lever, binyrer og lymfesystem. Det var ei skikkeleg sjokkarta melding å få.

Deretter sa legen at Valen måtte akuttinnleggast på Haugesund sjukehus så raskt som råd.

– Han sa at i dag er medisin kome veldig langt, men eg skjøna at han prøvde å trøysta meg. Eg forsto alvoret i dette, så eg gjekk ut og ringde kona og sa kva det var. Ho sa eg kjem og møter deg på sjukehuset, fortel Valen.

– Ein fantastisk dag

Der blei det dei påfølgende dagene gjort ytterlegare undersøkingar. Mellom anna MR av ryggen, gastroskopi (mage) og koloskopi (tarm). Etter å ha samla alle opplysningar, sa overlegen at Valen kunne bli på Haugesund sjukehus eller få tilvising til Haukeland.

Valen valde Haukeland.

– Det var viktig for meg at me fekk feira Elisabeth sin 70-årsdag før eg tok til med behandling. Me skulle ha vore på Ryvarden, men det gjekk ikkje med min tilstand. I staden blei det heime hos ei av døtrene våre, og det blei ein fantastisk dag.

Stråling, cellegift og immunterapi

21. oktober bar det til kreftavdelinga på Haukeland og ein tøff runde med 10 strålingar av ryggen der tre virvlar er berørt av kreften.

– Då eg kom heim på første perm, fekk eg veldige smerter og blei innlagt igjen før tida. Ny CT viste at ein av virvlane hadde eit kompresjonsbrot. Det kunne opererast med det same, men då måtte eg avbryta kreftbehandlinga. Då valde eg å venta, og har no god hjelp av smerteplaster og annan smertemedisin.

No er han inne i ein periode med cellegift og immunterapi. Då Vestavind besøkte han heime i Vågavegen, hadde han hatt to rundar med cellegift og ein med immunterapi. Førebels er det planlagt fire slike behandlingar i pakkeforløpet.

Livsforlengande behandling

– Eg har fått beskjed om at eg aldri kjem til å bli frisk, og at behandlinga berre er livsforlengande. Kor lenge eg har igjen, veit eg ikkje, men eg er optimist. Det viser seg at eg reagerer godt på immunterapien, og 9. desember starta eg på ny runde med det og cellegift, fortel Valen.

Den alvorlege diagnosen var også eit stort sjokk for familien. Dei tre døtrene og åtte barnebarna er til stor støtte, og Arne gler seg over fine stunder saman med dei og kona.

– Døtrene mine har også skifta på å køyra meg til Haukeland, for eg taklar dårleg transporten med Helseekspressen, fortel han som ikkje har vore på sjukehus ein einaste dag i sitt liv tidlegare.

– Ei heilt anna oppleving

– Sjølv ikkje då eg blei fødd. Det skjedde heime på Åse for snart 70 år sidan. Som mangeårig kommunestyrerepresentant og leiar for utval for helse og omsorg, har eg fått meir innsyn enn mange i korleis helse og omsorg fungerer. Å vera den som treng hjelp er ei heilt anna oppleving. Eg kan verkeleg skriva under på at me har eit fantastisk helsevesen både kommunalt og på spesialistnivå. Her er det ikkje forskjell på fattig og rik kor godt du blir behandla. Det er eit fantastisk system me må gjera alt for å sikra for framtida!

Smertene er der heile tida, men med gode hjelpemiddel som preikestol (høg gåstol), korsett, rullator og ein spesiell stol ved spisebordet kjem han seg gjennom dagane. Han har ikkje krefter til å flytta på seg i senga, men der har han fått ein heis som hjelper til med å endra på liggestillinga slik at presset på den knekte ryggvirvelen og smertene minkar. Heimesjukepleien kjem både til faste tider og når det trengst.

– Løftar meg opp

– Kva gjer ein slik alvorleg beskjed og kvardag med deg ut over det fysiske?

– Først stoppar alt opp. Det er gode dagar og dårlege dagar. For to dager sidan var det ein skikkeleg dårleg dag. I dag er det ganske bra. Det som løftar meg opp og fram er den enorme omsorga og kjærleiken eg blir møtt med av så mange.

– Nokre seier dei ber for meg, andre at dei tenker på meg. Gode naboar, vener, andelseigarar og andre hjelper til med praktiske ting på småbruket, luftar hundar, ser til hønene, ordnar ved og stiller opp med alt me treng hjelp til. Eg har valt å vera open, og det er er eg glad for. Eg er så takksam for at eg får uendeleg tilbake, og omsorg er ein fornybar ressurs, seier Valen.

Planlegg for fullt

Han har alltid vore aktiv, og då kan det vera tøft å klara langt mindre enn før.

– Eg har mista ein del musklar, og dei må eg få trena opp igjen. Eg går mellom anna tur kvar dag langs vegen, og eg skal få hjelp av fysioterapeut til eit treningsopplegg for alle muskelgruppene, fortel han.

Og så gler han seg til å gi litt tilbake til alle når det vårast. Planlegginga pågår for fullt og er også med på å gjera dagane lysare.

– Eg fyller 70 til neste år, og då blir det hagefest her på småbruket den 24. mai. Med song og musikk, underhaldning, konsert og ikkje minst det å vera i lag. Det ser eg verkeleg fram til, og så håper eg me får inn litt pengar til Kreftforeningen samstundes, seier Valen.

Powered by Labrador CMS