nyhende
Lite tru på at rentekuttet kjem denne veka
Torsdag kjem Noregs Bank med ei ny renteavgjerd. Få trur at det første rentekuttet sidan 2020 kjem no.
– Prognosen i denne rapporten samsvarer med at styringsrenta minkar til 4 prosent innan utgangen av året og gradvis vidare dei neste åra, sa sentralbanksjef Ida Wolden Bache då ho la fram renteavgjerda og «Pengepolitisk rapport» i slutten av mars.
Noregs Bank har halde styringsrenta i ro på 4,5 prosent sidan desember 2023. Den gongen var prognosen at det første kuttet ville komma hausten 2024, men kuttet har late venta på seg.
No har ikkje sentralbanken kutta i styringsrenta sidan dei sette henne ned til 0 den 12. mai 2020.
Truleg kjem heller ikkje rentekuttet når Noregs Bank offentleggjer den nye renteavgjerda torsdag denne veka, trur fleire ekspertar.
Svakare bustadprisvekst enn venta
– Eg trur ikkje det kjem til å skje så mykje på dette møtet, og eg ventar at Noregs Bank vil vera ganske avventande no, sa sjeføkonom Marius Gonsholt Hov i Handelsbanken til E24 søndag førre veke.
Møtet i komiteen for pengepolitikk og finansiell stabilitet torsdag, der renta blir sett, er eit såkalla mellommøte der det ikkje kjem nokon nye prognosar for renta og økonomien. Det kjem først ved den neste renteavgjerda i midten av juni.
Ved renteavgjerda i mars la Noregs Bank til grunn at bustadprisane truleg ville stiga med 0,6 prosent i april. Fasiten vart 0,2 prosent, då Eiendom Norge la fram tala sine tysdag denne veka.
– Dette er veldig mykje svakare prisvekst enn Noregs Bank venta. Det er gode nyheiter for dei som håpar på ei rentenedsetjing, seier sjeføkonom Kyrre Knudsen i Sparebank 1 Sør-Noreg til NTB.
Trur ikkje på store innverknader
Sara Midtgaard, seniorstrateg i Nordea Markets, seier til Dagens Næringsliv at sjølv om bustadprisane i april vart lågare enn Noregs Bank venta, så treng ikkje det å ha ein negativ innverknad på rentebanen.
– Igangsetjingane har komme godt opp, og vi ventar at bustadinvesteringane kjem etter. I så fall vil bustadinvesteringane snu tidlegare enn det Noregs Bank har lagt til grunn i prognosane sine, seier Midtgaard.
Wolden Bache står over
E24 skreiv tysdag at det ikkje blir sentralbanksjef Ida Wolden Bache som skal offentleggjera renteavgjerda torsdag, men heller visesentralbanksjef Pål Longva. Grunnen er at Bache skal bu seg til høyringane i Stortinget om Finansmarknadsmeldinga 9. mai og Fondsmeldinga 13. mai.
Wolden Bache er likevel i forkant med på å ta renteavgjerda i komiteen for pengepolitikk og finansiell stabilitet.
(©NPK)