nyhende

– Det er rift om trelastvarene for tida, bekreftar dagleg leiar i Sveio Byggsenter as, Britt Helen Kallevik Grutle. I trucken Reidar Hovland.
– Det er rift om trelastvarene for tida, bekreftar dagleg leiar i Sveio Byggsenter as, Britt Helen Kallevik Grutle. I trucken Reidar Hovland.

Lite trelast gir uvanleg prisauke

Mange har fått med seg at prisane på byggvarer gjer eit prishopp i desse dagar. Enkelte vareslag er også vanskeleg å oppdriva.

Publisert Sist oppdatert

Britt Helen Kallevik Grutle, dagleg leiar Sveio Byggsenter AS, kan melda om stor pågang av kundar, både privatpersonar og proffkundar, som har ønska å henta ut materialar før prisane auka kraftig 1. juni. I tillegg har det vore rift om enkelte vareslag.

– Me hadde ein kunde frå Bergen, han var på gjennomreise, men svinga innom oss på Hanaleite for å kjøpa impregnerte lekter. Han fortalde det var heilt tomt der han kom frå, fortel Grutle.

Stor prisauke

Stor etterspurnad og knappheit i verdsmarknaden skyt prisane på byggevarer i vêret. I tillegg ein pandemi som medverkande årsak. Kundane risikerer å måtta betala opptil 40 prosent meir for enkelte trevarer enn kva det ville kosta før 1. februar.

Ifølgje Grutle har dei opplevd generelt stor pågang av handlande, både dette året og i fjor. I staden for å reisa har folk brukt pengane sine heime.

Spesiell situasjon

– Er det risiko for at de går tomme for material?

– Vanskeleg å seia, me har vore heldige til no og hatt det meste, men er for tida tomme for ein type trykkimpregnerte terrassebord. Me har bestilling inne, og håpar å få inn til lager med det første. Situasjonen er den at sagbruka har ikkje fått opparbeida seg noko lager, difor får heller ikkje me alltid vita leveringstida, opplyser Kallevik.

Førdebuen som har lang farttid i byggvarebransjen, medgir det er spesielt, og fortel ho aldri før har opplevd ein liknande situasjon. No må dei sjølve leggja til sides trelast for å sikra eigne prosjekt. Ho presiserer at det er trelast som det er rift om, glava og plater har det ikkje vore manko på.

– Naturleg at folk reagerer

– Prisane på trelast har ikkje auka så mykje dei siste åra., men når dei gjer eit voldsamt hopp er det naturleg at folk reagerer, meiner Grutle. Ho håpar prisauken stoppar nå, kanskje også at prisane gå litt tilbake.

– Prisauke plar vera to gonger i året, 1. april og 1. oktober. No er alt uvanleg, fastslår Byggi Sveio-leiaren.

Powered by Labrador CMS