nyhende
– Lite søvn, men veldig, veldig gøy
Heimevernsungdommen i HVU Haugaland gjennomførte ei fire dagar lang øving i Sveio i Kristi Himmelfartshelga. Det heile starta med ein sms frå løytnant Berning.
«ØVELSE! ØVELSE! ØVELSE!» Slik starta ei mobilmelding til Heimevernsungdommen Haugaland onsdag 8. mai. Vidare stod det:
«ALARM! Lag TANGO må møte på HV-huset DTG091100. Må være KTS enkeltmann, mat til første måltid. F1 m/4. linje (hørselvern/briller)! Erkjenn! Sjef HVU Haugaland.»
DTG (dato-tids-gruppe) er ein NATO-standard for representasjon av dato og klokkeslett. Øvinga starta med andre ord den niande mai klokka elleve. Frå Heimevernhuset i Haugesund blei ungdommane skyssa til Sveio og området rundt Rossehaug med beskjed om å etablera leir.
Samøving
Vestavind møter liaisonoffiser og ungdomsleiar i Heimevernsungdommen (HVU) Christian Berning på kommandoplass på Rossehaug i Sveio fredag 10. mai.
– HVU er eit gratis tilbod til jenter og gutar frå 16 til 19 år. HVU Haugaland er no den største gruppa i HV08 Agder/Rogaland med til saman 22 ungdommar, fortel han.
Tolv av dei er med på øving denne helga. Det same er seks befal utanom Berning.
Berning kan fortelja at dei har samlingar kvar tysdag i tillegg til fleire større øvingar kvart år. HV-ungdommen blir ikkje trena for strid, men får eit innblikk i Forsvaret og Heimevernet si viktige rolle gjennom ulike aktivitetar og utfordringar.
Flygande overrasking
Denne gong har han organisert ei overrasking for ungdommane han trur dei seint vil gløyma. Ungdommane skal øva på førstehjelp og lata som dei kallar inn redningshelikopter. Det dei ikkje veit, er at helikopteret faktisk skal dukka opp.
– Eg fekk idéen i februar, og då eg ringde 330-skvadronen sa dei ja med det same. Dei skal trena uansett og var positive til ei samøving med HVU.
Redningshelikoptertenesta har base på Sola flystasjon. Til avtalt tid blir det meldt på samband at helikopteret er klar til innsats.
Når SAR Queen står i ro i lufta bles det liten storm på bakken. Det fekk Heimevernsungdommen merka på kroppen. Video: Ingebrigt Rossehaug
Militærinteresse
Ingelin With Ottesen (16) og Benjamin Børven Våbenø (19) smiler breitt etter opplevinga med redningshelikopteret. Ingen av dei hadde sett føre seg at noko slikt skulle skje.
– Me møtte på HV-huset i Haugesund og fekk utdelt utstyr. Knappetelt, primus, kikkert, nattoptikk og så vidare. Beskjeden var å pakka 4. linje, og det vil seia at alt utstyr skal med, seier Våbenø.
Ferdig pakka vog sekkane alt frå 20 til 30 kilo. Våbenø er frå Auklandshamn og har vore med i HVU i snart 3 år. Han starta fordi han syntest militæret var interessant, og han har berre gode ord å seia om fritidsaktiviteten. Ingelin With Ottesen er ganske ny og fekk nettopp uniform, men deler militærinteressa.
– Knappetelt var litt knotete, og det regna første dagen så alt blei tungt, vått og kaldt. Men det kom seg då me fyrte med primus og fekk varmen i teltet, seier Ottesen, som er barnebarn av Sveio sin sjuande og siste lensmann, Kåre Ravn Ottesen.
Kan anbefalast
Både Våbenø og Ottesen vil anbefala ungdom å bli med i HVU. Ein får utfordra seg sjølv og oppleva mykje moro. Løytnant Ingebrigt Rossehaug supplerer at ein som HV-ungdom har anledning til å søka seg med på NOREX-utvekslinga. Dette er ei utveksling som har pågått i over 50 år mellom Heimevernet og National Guard i Camp Ripley, Minnesota, USA. Då får ein reisa til Minnesota og læra om det amerikanske militæret.
På telefon søndag oppsummerer Ottesen øvinga som vellykka:
– Det var krevjande med lite søvn, men veldig, veldig gøy. Me hadde godt med mat, og utanom helikopterlandinga vil eg trekka fram navigasjonsoppgåva. Me fann alle postane utanom ein.