nyhende

Bjørn Midteide (t.v) og Egil Lokna seier Lions klubb er svolten på både nye arrangement og medlemmar. FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Bjørn Midteide (t.v) og Egil Lokna seier Lions klubb er svolten på både nye arrangement og medlemmar.

Lions klubb svolten på meir

Lions klubb Sveio har ein stor appetitt for både nye arrangement og medlemmar. Dei håpar på eit år med meir av begge delar.

Publisert Sist oppdatert

— Me pleier å seia at sjela til Lions ligg i lokalsamfunnet, seier Egil Lokna.

Saman med kamerat Bjørn Midteide er dei begge aktive i Lions klubb i Sveio. No som snøen forhåpentlegvis sluttar å falla frå himmelen, og blomane kjem, står dei klare for å halda nye arrangement.

Går til velgjerd

— Det er ein av mange måtar me tener pengar på. Me er vel ein humanitær serviceorganisasjon, seier Midteide.

Seinare i mars skal dei halda ein aftan med middag, underhaldning og dans i Førde. Pengane går til velgjerd. Dei har gode erfaringar med slike kveldar, men det har ikkje vore mogeleg dei siste åra.

— I 2019 hadde me både vårfest og julebord. Då tente me mykje pengar slik at me heldigvis hadde noko til overs i koronaåra, seier Lokna.

Pengane dei tener går utelukkande til velgjerd og prosjekt som Lions tek føre seg. Det er dei begge nøgd med, at organisasjonen på ein måte har to økonomiar.

— Det er medlemsavgifta åleine som dekker utgiftene. Alt me tener går i ei eiga kasse, seier Lokna.

Gamle vener

No er dei glade for å endeleg kunne køyra på igjen som før. Midteide fortel at bandet som skal spela kjem frå same stad han eigentleg er frå.

— Dei er frå Haugesund, og lagar godt stemning, humrar han.

Lokna er derimot sveibu frå barndomen av, men dei to har likevel eit langt venskap bak seg.

— Egil var forlovar i bryllaupet mitt, seier Midteide.

Det er over 50 år sidan. For om lag 10 år sidan vart Lokna med i Lions, og tre år seinare drog han med seg Midteide.

Ynskjer nye velkomne

I år har Sveio hatt ein Lions klubb i 44 år, og dei ynskjer å få med fleire nye medlemmar.

— Me er 24 personar no, seier Midteide

— Hos oss er det mange menn og alderen høg, så me ynskjer både fleire yngre, og gjerne fleire kvinner, seier Lokna.

— Kor mange har dykk lyst å verta?

— Ha,ha, 50! ler Midteide

— Det er ikkje eit mål i seg sjølv, men mogelegvis 30, seier Lokna.

Lokalt forankra

Sjølv om Lions er ein internasjonal organisasjon, gjer dei også mykje lokalt.

Då ein familie i Sveio vart råka av ein tragedie for nokre år sidan, midt i ein overgangsfase, hjalp lokallaget familien. Då gav dei både pengar og fleire titalls dugnadstimar til nokon i ei vanskeleg tid.

Og så er dei opptekne å teke vare på Salamander-parken.

— Mottoet til Lions er «til teneste», seier Midteide.

To gonger årleg går dei i gong med rydding, kvisting og plukking av søppel. Nokre gonger vert dei overraska over kva som skjuler seg.

— Me har funne stoler frå middagsbord og bildekk seier Lokna.

— Det er ein attraktiv plass for barn å leika, og då må me passa på at det er salamandrar der, seier Midteide.

Powered by Labrador CMS