nyhende
Lindøyvegen: Fekk hjulet utfor kanten og vart ståande i to-tre timar
Roar Askeland er dagleg leiar i Salamander Bryggeri og var på veg til jobben førre veke. Då han skulle snirkla seg forbi skulebussen kom hjulet utfor og bilen blei ståande fast. – Då måtte eg ha bergingsbil, seier han.
Det var ein heilt vanleg måndag for Roar Askeland førre veke. Den 4. desember køyrde han inn Lindøyvegen som vanleg på veg til bryggeriet sitt. På vegen møtte han skulebussen, som pent køyrde inn på ei lomme for å gje plass til Askeland.
– Når eg snirkla meg forbi var det trongt og eg var akkurat på asfaltkanten. Då glapp hjulet nedfor, og kantane er så høge at eg ikkje kom meg opp at, seier han.
To bilar utanfor kanten
Eit kort strekk bak skjer faktisk det same med lokal bebuar Per Kjell Torvastad, som tidlegare har åtvara om Lindøyvegen og nettopp slike hendingar.
– Lomma kor møtande bil skulle køyra inn var ikkje måka, så den våga ikkje gje plass. Då forsøkte eg å lura meg forbi og fekk begge hjula på høgresida utanfor og vart ståande fast, seier Torvastad.
Det var berre to centimeter mellom bilen og asfaltkanten.
– Det er berre flaks at det ikkje vart skade på bilen, seier han.
Glipa mellom bil og asfaltkant var ein luksus Askeland måtte sjå langt etter.
– Bakakslinga på bilen låg heilt nedpå. Så høg kant er det der! Det var heilt umogeleg å koma opp, så eg måtte ringa NAF og ha bergingsbil, seier han.
– Vart bilen din skada?
– Nei, det gjekk heldigvis fint. Men som eg sa til han bilbergaren, «det er nesten flaut å koma så vidt utanfor asfaltkanten og så måtte ringa etter bergingsbil», svarar han.
– Halve dagen i vasken
Askeland er samd i kva Torvastad har tidlegare varsla om. Asfaltkantane er altfor høge etter nyasfalteringa, og møteplassane har vorte enda mindre.
– Vart noko Salamander-øl skada?
– Nei, eg var på veg inn til bryggeriet. Men det gjekk jo utover dagne min, halve dagen i vasken, seier han oppgjeven.
– Kor lenge stod du der?
– Ein prøvar jo litt sjølv først, men etter eg ringte gjekk det mellom to og tre timar. Per Kjell Torvastad forsøkte jo å hjelpa meg, men bilen var for tung, seier Askeland.
Bryggaren fortel at sidan det er snø vert det også vanskeleg å sjå kor kanten går, så heile køyreturen vert litt meir stress enn vanleg. Då han såg Torvastad gå i same fella, fekk i alle fall Askeland hjelpt ein bil å koma seg laus.
– Der klarte me å lirka den opp med motorkraft og dytting, seier han.