nyhende
Linda Sæverhagen: – Eg har jo veldig lyst på ein sydentur
Linda Sæverhagen er leiar i Førde ungdomslag.
Kva er det beste du veit med sommaren?
– Det er å kunna vera ute. Lange, late dagar. Ligga på stranda også. Ta livet med ro, altså. Setja opp telt i hagen. Me er veldig glade i sånne små gleder, eigentleg.
Har du ein eller fleire sommartradisjonar du alltid må gjera?
– Nei, det er vel kanskje eit telt i hagen? Me fyller teltet med ungar i hagen. Me er ikkje dei som reiser mest, men me likar å bruka nærmiljøet.
Kva er ditt beste sommarminne?
– Det må kanskje vera då me vaks opp, når alle familiemedlemmar kom heim, alle syskenborn. Me har jo masse slekt, og då fylte me opp hagen med telt. Alle låg der, og det var stappfullt – foreldre, onklar, tanter. Det var det å vera i lag med heile slekta, heile familien. Ja, og så dra på campingturar. Me reiste på camping overalt, eigentleg.
Kva er din favorittsommarmat og/eller -drikke?
– Eg er jo veldig glad i Pepsi. Pepsi Max, det er jo favoritten. Elles et eg eigentleg det meste.
Kva skal du bruka sommaren på i år?
Me skal ha den veka me har kalla «Drømmesommar» i veke 26, og så har me liknande i august. Elles blir det nokre teltturar og dagsturar. Me tek det litt som det kjem. Det bur mange ungdommar og ungar i bygda, så me har lyst til å opna klubblokalet når dei treng ein stad å henga. Er det regn og dårleg vêr, vil me gjerne skapa samlingsplassar for dei.
Kva er din draumeferiedestinasjon og kvifor akkurat dit?
– Eg har jo veldig lyst på ein sydentur. Det er mange år sidan me har vore der, men det er travelt med fire ungar og reising. Eg har veldig lyst til Kroatia.