nyhende
Lillebror Sydnes skåra fire mål på seks minuttar
Martin Sydnes brukte seks minuttar på å skåre fire (!) mål, og dermed rykke frå storebror Erik på Sveio IL si toppscoarliste måndag kveld. Hemmelegheita bak suksessen? Han skal ha spist potetstappe med graslauk og nuggets til middag.
Sveio IL er i det ustoppelege hjørnet i sesonginnspurten. Måndag kveld tok dei sin femte siger på fem kampar då Stegaberg-2 vart nedsabla på Frakkagjerd i Tysvær.
Skåra hat-trick. Får ikkje overskrifta.
Og sesongens andre bortesiger vart eit målshow utan sidestykke.
Øyvind Kirkeleit klinka til med hat-trick. Haaland-nivå der, med andre ord. Men det heldt faktisk ikkje til å stele overskrifta i denne artikkelen.
For det var lagkamerat Martin Sydnes som blei kveldens store snakkis.
Med smått utrulege fire mål på seks minuttar seks minuttar er det nok ikkje mange i Noreg, eller elles i verda, som har prestert denne sesongen.
Ikkje biff. Potetstappe.
Då det var spelt 29 minuttar sto det 1-1 på Stegaberg i Tysvær. Sju minuttar seinare var stillinga 1-5, og dei fire måla vart det altså Martin Sydnes som hadde sette i nettmaskene.
«Kva har Martin fått t middag i dag?» spurde Sveio IL sin live-kommentator på Facebook.
Saka var korkje biff, karbonade eller ertesuppe, som den legendariske NRK-kommentatoren Bjørge Lillelien kanskje ville sagt om han hadde referert Sydnes-oppvisinga.
Men Sveio-trenar Henrik Grasdal Larsen hadde svar rett etter kamp:
— Rykte etter kamp seier potetstappa med graslauk og nuggets!
Distanserte storebror
Med dei fire måla distanserte Martin Sydnes storebror Erik Sydnes. Dei to delte toppscorarlista i Sveio IL med åtte scoringar kvar før den smått elleville kampen i Tysvær.
I 6. divisjon er det berre Trott-2 sin spelar Matheis Meløy Nilsen som har skåra fleire mål enn Martin Sydnes hittil i år. Trott-spelaren står bokført med 16 mål.
PS! Måndag kjem seriemeister Kopervik-2 på besøk i Sveio sin siste heimekamp, og nest siste kamp for sesongen. Kanskje er det eit Sveio-lag i skåringsform som kan påføre karmøybuane sesongens første tap?
Tabellen: