nyhende
Like barn giftar seg framleis mest
Ikkje sidan 2017 har fleire gifta seg enn i fjor. Før i tida var det gjerne økonomiske omsyn som avgjorde val av ektefelle. I dag er kjærleik den viktigaste grunnen, men vi giftar oss framleis oftare med våre «likemenn» enn vi kanskje er klar over.
Det vart inngått 21.000 ekteskap i fjor, 1.000 fleire enn året før, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Ikkje sidan 2017 har fleire gifta seg i løpet av eit år.
– Tidlegare var det heile familien som var engasjert i valet av ekteskapspartnar, og det var rasjonelle økonomiske omsyn som blei tekne. I våre moderne samfunn giftar ein seg oftare for den romantiske kjærleiken, seier Maren Toft til Nynorsk pressekontor. Ho er førsteamanuensis ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo (UiO) og har forska på klassedeling i Noreg.
– Men vi lever i ei tid med aukande forskjellar og segregerte verder. Kor vi bur, kva institusjonar vi er knytt til, kor vi studerer og jobbar er med på å avgrense val av partnar til dei som kjem frå same klassebakgrunn som oss, seier ho.
Standssamfunn
Under reformasjonen var Noreg eit standssamfunn, der nordmenn blei fødde inn i sine standar. I øvre embetsmannsfamiliar var det sosial skikk med arrangerte ekteskap.
– Like barn leiker best. Å gifte seg «under sin stand», var utenkjeleg då, seier Hanne Marie Johansen, professor ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking på Universitetet i Bergen.
– Dette er det spor av i den sosialøkonomiske eliten vår. Embetsstanden og storkjøpmennene hadde ekteskapsalliansar for å binde dei rike familiane saman i ekteskap.
Dette gjaldt ein minoritet av befolkninga. I bygdesamfunna og i lågare sosiale lag i byane hadde barna i nokon grad fridom til sjølv å finne ein dei likte og ville gifte seg med. Men idealet var å ha same «gemytt» og gjerne vere tiltrekt av kvarandre.
Det viktigaste var likevel å finne nokon som kunne arbeide og som hadde eit levebrød.
– Den som hadde ein gard, vart rekna som eit godt gifte og var ettertrakta. Også gardbrukarenkene kunne bli oppsøkte av unge bondegutar som mangla gardsbruk og ville gifte seg med ei aldrande enke, og som mann i huset fekk han rettar til levebrødet.
Ekteskap var einaste lova
Men ein skulle altså ikkje inngå ekteskap med ein person med lågare stand enn seg sjølv. Ein gardbrukar skulle ikkje gifte seg ned til dei eigedomslause.
– Ein skulle gifte seg med nokon med lik bakgrunn, men innanfor den gruppa hadde ein eigne val. Dei med færrast val var dei på toppen av kransekaka, fortel Johansen.
I takt med reformasjonen kom det eigne reglar for skilsmisse med ei lov på 1580-talet. Det blei lov å skilje seg, men hovudgrunnen var utruskap.
I 1909 kom det ny ekteskapslov som la til rette for friare tilgang til skilsmisse. Lova slo fast at det var to vegar til skilsmisse: dom eller administrativ bevilling.
– Lenge var ekteskap den einaste tillatne lovlege ramma rundt samliv. Om ugifte levde saman, risikerte dei rettsforfølging. Først i 1972 blei lova endra og ugift samliv avkriminalisert, same året som mannleg homoseksualitet blei avkriminalisert.
Nytt samliv
Nokre tiår etter andre verdskrigen endra familielivet seg. Sambuarskapet vaks fram som eit ikkje-statleg samliv med færre juridiske rettar, plikter og seremoniar, fortel sosiolog og demograf Torkild Lyngstad ved Universitetet i Oslo.
– Dette skjedde frå 1970-talet, men tok seg opp frå 1990-talet. I dag er det ingenting spesielt ved at nokre vel sambuarskap i staden for ekteskap, men dette fanst ikkje på 50-talet, seier Lyngstad.
Det har ikkje ført til at færre par inngår ekteskap, men at dei giftar seg seinare i livet enn før, oftare etter å ha flytta saman og fått barn.
Kjærleik og klassedeling
Lyngstad seier at vi er prega av homogami – det vil seie at vi vel partnar som er lik oss sjølve – og truleg av preferansar.
– Vi giftar oss gjerne med nokon som deler kultur, bakgrunn, utdanning, religion, språk og sosioøkonomiske status, og vi omgir oss med dei som er like oss sjølve. Folk møter partnaren under utdanninga eller på arbeidsplassen.
Denne «tilbøyelegheita» for å finne nokon som oss sjølve å dele livet med, gjer at forskjellane aukar, meiner Maren Toft. Rike giftar seg med rike, høgt utdanna finn andre med høg utdanning og vanskelegstilte giftar seg med vanskelegstilte. Samtidig er det andre mindre synlege mekanismar som er med å styre kven vi giftar oss med.
– Klassedeling er ikkje berre materielle ting og kor mykje pengar ein har i banken, det handlar òg om korleis vi oppfattar verda, korleis vi kler oss, kva vi likar og mislikar, og kva verdiar som er viktige for oss. Slike mindre synlege mekanismar er med på å påverke kven vi vel som ekteskapspartnar, og gjer at vi at vi framleis har klassedelte ekteskap, seier Toft.