nyhende
Leverer fleire pakkar til sveibuen
Netthandlarar i Vestland bestiller langt fleire pakkar levert av Posten no enn før.
I andre kvartal var auka på 60 prosent, både i Vestland og på landsbasis. Tilsvarande tal for Sveio i same periode, frå april til ut juni, er 64 prosent, opplyser pressesjef Kenneth Pettersen i Posten til Vestavind.
– Veksten har vore formidabel for alle typar netthandelspakkar. Det er ikkje tvil om at koronasituasjonen har vore ein utløysande faktor. Me hadde sett føre oss ei jamn auke, men me er no på eit nivå me trudde me skulle vera på om to til tre år, seier Pettersen.
Han legg til at Posten har tru på at tal pakker vil stabilisera seg på dette høge nivået også når situasjonen i samfunnet har normalisert seg.