nyhende

Lever berre på norsk mat – men drøymer om Tikka Masala

Sukker, pepar og kaffi er uaktuelt på menyen til «norsketerianar» Dordi Boksasp Lerum. No har ho i over eit halvt år berre levd av norske råvarer og synest det går ganske bra. Men det hender rett som det er at ho drøymer om Tikka Masala og store mengder godteri.

Publisert Sist oppdatert

Dordis tips til meir norsk

Skift frå:

  • Ris til byggryn
  • Margarin til smør
  • Soyamjølk til kumjølk
  • Sukker til honning
  • Tortillalefser til potetlefser
  • Frityrolje til norsk rapsolje
  • Eplejus til eplemost
  • Maldonsalt til norsk salt

Vi møter Dordi Boksasp Lerum ein seinsommardag like i nærleiken av garden ho har odelsrett til, lengst inne i Sognefjorden. Her har studenten og senterpartipolitikaren sommarjobb på eit fruktlager og tek seg gjerne ein liten pause for ein matbit på den lokale gardskafeen.

Hjortepølsa frå nabogarden og eplemosten frå ein annan lokal gard blir straks godkjent som heilnorsk. Det same gjeld bringebæra, tomatane og agurken som er dyrka hos eigaren av gardskafeen. Verre er det med potetsalaten og foccaciabrødet der det kan ha snike seg inn eit par utanlandske ingrediensar som olje og krydder.

– Er ikkje dette ein smule ekstremt å halde på med?

– Eg skjønar ikkje kvifor det skal vere så ekstremt å ete meir norsk mat, det burde jo vere heilt naturleg det. Men det er jo klart eit litt spesielt eksperiment dette og frå nyttår går eg nok over til å introdusere sukker og litt meir eksotiske krydder i kosthaldet mitt, seier norsketerianaren.

Stor på Tiktok

Dordi gjer det stort på Tiktok og har på det meste fleire hundre tusen visningar på ting ho legg ut.

Dordi brenn for norsk matproduksjon og snakkar både på inn- og utpust om matsikkerheit og sjølvforsyning. Det er dette som gjer at 21-åringen sette i gang med forsøket sitt. At ho skulle bli stjerne i sosiale medium og spesielt på Tiktok har kome som ein bonus opp i det heile. Her viser norsketarianaren blant anna korleis du kan lage heilnorsk iskrem, havregraut og ikkje minst fornorske fredagstacoen.

– Det er heilt sjukt å sjå at eg på det meste har fleire hundre tusen visningar. Det er skikkeleg moro at det har tatt slik av og at så mange følgjer meg, seier ho.

Dordi har fått mykje ros og svært lite kritikk etter at ho la om til den strenge dietten.

– Det har vore ein overrveldane og stort sett positiv respons. Nokre vil prøve det for ein dag, eller i ein heil månad, men eg har enno ikkje høyrt om nokon som vil prøve eit heilt år.

– Vi blir lurt

Politikaren og samfunnsdebattanten gjentar fleire gonger under intervjuet at ho ikkje gjer dette for å bli Tiktok-stjerne, men at ho vil skape blest om norske arbeidsplassar og den spente matvaresituasjonen i verda.

– Med krig i Europas kornkammer og stadig fare for pandemiar og naturkatastrofar er det heilt naudsynt at vi produserer meir mat. Slik det er i dag produserer vi mindre enn halvparten av den maten vi treng og det vil eg gjerne vere med å endre på, seier Dordi.

I dei sju månadene ho har vore norsketerianar har ho lese ivrig på varedeklarasjonane og elles sjekka innhaldet i alt ho har putta i seg.

– Min påstand er at vi stadig blir lurt og villeia i marknadsføringa. Greitt nok at det er sukker i det norske syltetøyet, men at det for eksempel er 70 prosent utanlandske ingrediensar i ein knekkebrødpakke med norsk flagg på, det synest eg er skikkeleg ugreitt. Kor norsk er det liksom?

Bæra, som er råstoff til blant anna syltetøy, er heilnorske, men straks det blir tilsett sukker, er det nei-mat for Dordi Boksasp Lerum.

Gler seg til nyttårsaftan

Eit liv utan kaffi plagar ikkje Dordi sidan ho enno ikkje har slått seg på denne drikken enno. Ein diett utan sukker, sjokolade og brus har ho også lært seg å leve med i desse månadene.

– Akkurat no på denne tida av året er det faktisk heilt topp å vere norsketerianar. All den norske frukta og bæra kan fint nytast naturell eller med litt norsk honning. Og no når dei norske rotgrønsakene er i sesong, med kålrota som ein klar favoritt, er det lett å halde seg på den smale norske vegen, ivrar Dordi.

Trass i den norske lidenskapen er ho likevel klar for eit litt meir krydra tilvære ved årsslutt.

– Eg vurderer sterkt å gå for ein stor porsjon Tikka Masala på slaget tolv, og kanskje ei skål med godteri!

Powered by Labrador CMS