nyhende

Denne vegen vart kåra til den verste i Sveio. Klarar du å sjå kva veg det er snakk om? Foto: Morten Vågset Møller
Denne vegen vart kåra til den verste i Sveio. Klarar du å sjå kva veg det er snakk om?

Lesarane har røysta: Dette er Sveios verste veg

Rundt 30 innspel kom inn då lesarane skulle peika ut den verste vegen i Sveio. Éi strekning skilte seg særleg ut.

Publisert Sist oppdatert

Nominerte vegar i kåringa

  1. Straumavegen – 9 nominasjonar
  2. Gullvegen – 6 nominasjonar
  3. Ålfjordvegen – 5 nominasjonar
  4. Tjernagelvegen – 3 nominasjonar
  5. Liereidvegen – 3 nominasjonar
  6. Øklandsvegen – 1 nominasjon
  7. Halseidvegen – 1 nominasjon
  8. Grimstveitvegen – 1 nominasjon
  9. Tveitevegen – 1 nominasjon
  10. Paddevegen – 1 nominasjon
  11. Eidsvågvegen – 1 nominasjon

Sidan 10. oktober har lesarane nominert vegar dei meiner er ekstra utfordrande å ferdeast på. Mange har bidrege med både bilede og forklaringar på kvifor nettopp deira forslag burde få merksemd.

Av dei som sende inn nominasjonar, vart Mathias Vikse trekt ut som vinnar av ei Sveio-flaske. Han har Straumavegen som sitt forslag.

Her kan du lesa grunngjevinga til Vikse:

– Eg har ikkje bustad der, men ei hytte langs Straumavegen, og sidan det er ein grusveg, blir den krevjande å bruka gjennom store delar av året. Mykje regn gjer underlaget mjukt og dårleg, og når tela smeltar, blir vegen endå lausare, nesten som å køyra gjennom ein åker. Vegen ligg ikkje på fast grunn og er bygd etter eldre standardar som ikkje passar særleg godt til dagens bilar, noko som gjer vår og vinter ekstra utfordrande. Eg skulle gjerne sett fast dekke, men det er nok ikkje mogleg å leggja asfalt der. For dei som bur der fast, må dette vera endå meir krevjande enn for meg, seier han.

Straumavegen fekk flest røyster

Då alle forslag var gjennomgått, stod nettopp Straumavegen med flest nominasjonar og fekk dermed tittelen som «Sveios verste veg».

Straumavegen vart kåra til den verste vegen i Sveio blant lesarane. Inngangen til vegen er asfaltert, men elles er det stort sett ein grusveg.

Breitt engasjement

Kåringa viser at mange har sterke meiningar om dei ulike vegane i kommunen. Sjå heile lista i faktaboksen.

Vestavind takkar alle som deltok og vil halde fram med å følgja utviklinga på vegane i Sveio.

Sjølv om Straumavegen blei kåra til den verste, har han også nokre idylliske parti, særleg heilt i enden der tre og berg dannar ein koseleg passasje.
Powered by Labrador CMS