Fleire av dei 16 personane som fekk påvist koronasmitte i Sveio er i ferd med å friskmeldast.
– Det er oversikt over utbrotet no, det er lenge sidan me har hatt positive prøvar, opplyser Ingunn Toft, kommunalsjef for helse og omsorg i Sveio kommune.
Gjennom media har det blitt etterlyst gjester som har vore på Rabinowitz, Dikselen og Bytunet Nattklubb. Toft kan opplysa at fleire frå Sveio har blitt testa.
– Me har ikkje fått positive svar frå Sveio enda, seier Toft. Fleire prøvesvar er i vente.