nyhende
Leiter etter systematiske feil og manglar i Sveio kommune – ønskjer seg fleire tips
Kjenner du til systematiske feil og manglar frå Sveio kommune, eller blir det ikkje gitt gode nok tenester? Då kan det vera lurt å ta ein prat med medlemmene i kontroll- og kvalitetsutvalet.
Kontroll- og kvalitetsutvalet er kommunestyret sitt verktøy for å ha kontroll på at administrasjonen gjennomfører vedtak som dei folkevalde gjer. Dei kan også be om å få sjå nærmare på drifta av føretak kommunen eig, eller er deleigar i, i form av eigarskapskontroll.
Fem folkevalde er med; Ole Ørjan Hov (leiar, MDG), Arne Valen (nestleiar, Sp), Gustav Eidsvåg (Frp), Marit Elise Lier (Ap) og Solfrid Aasen (Sp).
Ønskjer fleire tips
Ein forvaltningsrevisjon kan gi svar på om Sveio kommune blir driven lovleg, og gir gode tenester til innbyggjarane. Før ein går i gong med eit slikt omfattande arbeid, må ein risiko- og vesentlegheitsanalyse i samarbeid med revisor utarbeidast. I tillegg speler eigne erfaringar og innspel frå innbyggjarane inn.
– Kven som helst kan ta kontakt med kontroll- og kvalitetsutvalet om ein ser område der kommunen ikkje utfører tenester på ein god måte. Me er ikkje eit klageorgan, så me kan ikkje hjelpa dei som ikkje får lov til å byggja naust, men er det snakk om til dømes systematisk dårleg behandling av byggesak, kan me sjå på saka, forklarar Hov.
Han synest det er interessant å vera med i utvalet, men vedgår at dei gjerne er litt usynlege for innbyggjararane – det kjem ikkje inn så mange tips.
Eitt av seks område
Den nyaste revisjonen deira er klar, den ser nærare på tilpassa opplæring og spesialundervisning i Sveioskulen. Utvalet brukte tid på å landa kva område dei skulle ettergå.
– Me hadde ei liste med seks område som det kunne vera grunn for å sjå nærare på. Me enda opp med skulen på topp. Det var naturleg, då fleire frå utvalet hadde høyrt at det kanskje ikkje var som det skulle vera, seier Hov.
Denne gongen var det hald i mistankane – på nokre punkt. Ellers var mykje som det skulle vera i Sveioskulen.
Strenge reglar
Det er kostbart med forvaltningsrevisjon. I år har det vore éin – så er det venta ein eller to til i løpet av perioden før neste kommuneval i 2023.
Kontroll- og kvalitetsutvalet har eige sekretariat i eit IKS. Det er for at sekretæren skal vera uavhengig frå administrasjonen i Sveio kommune.
– Det er ganske strenge reglar for å sikra at kontroll- og kvalitetsutvalet er uavhengig. Medlemmene kan til dømes ikkje vera tilsett i kommunen, sitta i politiske utval, eller i styre der kommunen har eigarinteresser, seier Hov, som gjerne ser at det kjem fleire tips frå innbyggjarane.