nyhende

Guro Røher Eriksen
Guro Røher Eriksen i Sveio frivilligsentral.

Leitar etter frivillige til spanande prosjekt

Guro Røher Eriksen gler seg til å setja i gong med Veiviser-prosjektet.

Publisert Sist oppdatert

Guro Røher Eriksen bur på Rophus, er gift og har to barn. No har ho fått jobben som prosjektkoordinator på frivilligsentralen i Sveio. Med det har ho også fått ansvaret for det nye prosjektet som heiter «Veiviser», som er eit treårig integreringsprosjekt.

Givande arbeid

Røher Eriksen er utdanna barnehagelærar, men har jobba frivillig på Skattkammeret siden det starta opp, så ho måtte ikkje tenkje lenge på det før ho valte å søka på den nyoppretta stillinga. Ho starta i jobben i september. 

– Det er utruleg kjekt og givande å få treffa mange nye folk, og få hjelpa dei som treng det, seier ho. 

Prosjektkoordinatoren seier at dei allereie har kome ganske godt i gong med prosjektet i Sveio.

– Dei starta med Veiviser i Bergen i 2016 så eg skal snart dit for å få  opplæring og kurs, slik at me igjen kan halde kurs for dei som skal delta på prosjektet. 

Midlane til prosjektet kjem frå TV-aksjonen i 2018.

– Me skal laga grupper på tre personar, der ein frivillig er norsk, ein frivillig har migrasjons bakgrunn og kanskje har budd i Noreg i nokre år, mens den tredje er heilt ny i Noreg.

Den tredje kan vera ein flyktning, innvandrar eller liknande.

– Dei skal treffas tre-fire gonger i månaden og gjera sosiale ting, bli kjent og øva på å snakka norsk. No er eg på jakt etter frivillige, smilar ho.

Sosial integrering

Tanken er at gruppene på tre personar kan kombinera det å ha det kjekt, med å få integrert den nye personen godt. Til dømes med å gå på kino, kafé, tur, eller liknande, forklarar Røher Eriksen. Alle aktiviteter blir dekka av frivilligsentralen.

– Me treng nokon frivillige nordmenn som er interessert i nye kulturar og i å bli kjent med nye folk, og som samtidig har tid. Dei skal i utgangspunktet treffas rundt ein gong i uka. Det kan vera ein som ønskjer å få eit større nettverk, ein som kanskje er litt einsam, eller berre ein som vil gjer noko fint for andre.

Prosjektkoordinatoren seier at det er fordelar for alle partar i gruppa.

– Dei frivillige med migrasjonsbakgrunn har opplevd det å vera heilt ny her i Noreg og Sveio, og sit på mange erfaringar om dette. Sjølv om dei kanskje har budd her nokre år, får dei også ein mogligheit til å få eit større nettverk gjennom dette.

I oppstarten ønskjer dei å få til ti grupper på tre personar kvar, altså søkar dei etter tjue frivillige i første omgang.

Powered by Labrador CMS