Ja, du leste rett. Planta som kan få det til å svi i huda, blei mellom anna brukt til å laga garn med før i tida. No leitar Norsk håndverksinstitutt på Maihaugen etter ein tradisjonsbærar – ein som har lært å laga brenneslegarn frå hand til hand, bakover i tid.
Sidan tidenes morgon har mennesket brukt brennesle til mat, medisiner, klede og nyttereiskap. I seinare år har interessa for å laga brenneslegarn blussa opp internasjonalt. Norsk håndverksinstitutt arbeidar med å dokumentera, bevara og fremja tradisjonshandverk, og vil finna den norske metoden for å laga garnet.
– Er dette deg eller nokon du kjenner? Har du høyrt om eit område der handverket har vore praktisert? Då vil me gjerne komma i kontakt med deg – idag, skriv fagperson for prosjektet, Fride Kramer Riseng i ein e-post til avisa.
Dersom du kjenner til dette, kan du ta direkte kontakt med Riseng. Vestavind kan også formidla kontakt.