nyhende
Leitar etter bedrifter som er flinke til å nytta kompetansen til innvandrarar
Mangfoldsprisen blir delt kvart år ut til verksemder som kan visa til etnisk mangfald og god bruk av kompetansen til innvandrarar. No ber Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) om lokal hjelp til å finna fleire gode kandidatar frå Vestland.
– Noreg har ikkje råd til å gå glipp av talent, gode idear og nødvendig arbeidskraft. Mangfoldsprisen går til verksemder som har forstått dette, seier Libe Rieber-Mohn, direktør i IMDi.
Mangfoldsprisen er utmerkinga til staten for ypperleg bruk av kompetansen til innvandrarar i arbeidslivet. Prisen ønsker å løfta fram dei gode døma på etnisk mangfald i arbeidslivet, til inspirasjon for andre. Prisen er viktig fordi undersøkingar viser at mange innvandrarar opplever diskriminering og forskjellsbehandling i arbeidslivet, skriv Integrerings- og mangfoldsdirektoratet i ei pressemelding.
Treng gode namn
For å finna fram til dei beste kandidatane til Mangfaldsprisen, er IMDi heilt avhengige av at lokalsamfunna sjølv speler inn gode namn og historier.
– Så langt har me veldig få kandidatar frå Vestland, men me er sikre på at det er mange offentlege og private verksemder i regionen som er flinke til å ta i bruk kompetansen til innvandrarar på arbeidsplassen, seier Rieber-Mohn.
Frist i mai
Fristen for å registrera aktuelle kandidatar er 24. mai. Alle kan komma med forslag, og det speler inga rolle om verksemda er stor eller liten, offentleg eller privat.
I fjor vart til dømes Kiwi Kunnskapshuset på Stord kåra til regional vinnar av Mangfoldsprisen. Kiwi Kunnskapshuset fekk prisen mellom anna fordi dei jobbar aktivt med praksis og språkopplæring.