nyhende
Leiar Utsira frå heimekontor i Sveio
– Sjå, her er det eg kallar fastlandskontoret vårt, seier Tommy-René Stordal (40). Han tar imot oss i rommet med utsikt over store delar av Sveio sentrum som no har blitt heimekontor.
Stordal er kommunedirektør i Utsira, men har nyleg kjøpt seg hus i Sveio. Flyttinga inneber at Utsira kommune no, i alle fall delvis, blir administrert frå dette heimekontoret. I tillegg har han også tilgang på ein arbeidsplass hos Haugaland Vekst om det trengst.
Fleksibel ordning
– Eg har fått ei arbeidsordning der eg er tre dagar i veka på Utsira og to dagar i Sveio. Om det trengst, kan eg i tillegg dra ut på kort varsel og vera der meir. Eg har ikkje andre enn dei to kattane mine å ta omsyn til og er svært fleksibel. Så langt har eg ikkje fått negative reaksjonar på arbeidsordninga Eg håpar sirabuane opplever at eg er like tilgjengeleg som før, seier Stordal.
Askøyværingen fekk jobben som kommunedirektør i konkurranse med 17 andre søkjarar. Det høge ssøkartalet meiner han understrekar at Utsira er ein attraktiv stad, trass i at øya 18 kilometer vest for Haugesund med sine 220 innbyggarar er landets minste kommune setter folketal.
– No er me i ferd med å bli minst ikkje berre når det gjeld folketal, men også i areal. På grunn av store utfyllingar i samband med Rogfast er nemleg Kvitsøy i ferd med å gå forbi våre seks kvadratkilometer, seier han.
Bustadkrise
Stordal tok til i kommunedirektør-stillinga 1. oktober 2024. Det første året budde han i ein kommunal utleigebustad, og planen var å kjøpa eige hus og slå røter i lokalsamfunnet..
– Som 40-åring fann eg ut at det var på tide å eiga framfor å leiga. Problemet på Utsira var og er berre at det ikkje er eit einaste hus til sals. Dei som blir ledige, blir omsette på bygda utan utlysing. Mange blir omgjorde til fritidsbustader.
Kommunedirektøren måtte difor til fastlandet for å finna ein bustad å kjøpa, noko han fekk aksept for i kommunen sitt arbeidsgjevarutval. Først såg han til Haugesund og Karmøy, men draumehuset fann han i Sveio.
– Eg trivst i landlege omgivnader, og Sveio er sentralt plassert. Eg kjem til Haugesund på 15 minuttar og til Garpeskjærskaien og utsirabåten på 20 minuttar. Andre vegen er det ikkje meir enn ein halvtime til Stord.
Stordal hadde inga tilknyting til Sveio frå før. Etter oppveksten på Askøy gjekk han på lærarhøgskule i Bergen og var deretter lærar i Enebakk i Akershus i ei årrekke. Deretter blei det rektorjobb ved ein barne- og ungdomsskule i Hardanger, og så fem år som kommunalsjef i Valdres. Den siste jobben før Utsira var tre år som assisterande rådmann i Tysnes.
– Med ein slik bakgrunn, kva fekk deg til å søkja deg til ei lita øy langt ute i havgapet?
– Det var på grunn av alle moglegheitene som finst der ute. Utsira er ein fantastisk plass, seier han entusiastisk.
Han er imponert over at 220 sirabuar klarar å driva ein heil kommune med alle tilbod for 60 millionar kroner i året, og skryt av dei gode samarbeidsforholda både blant politikarar og tilsette. Ikkje minst er han imponert over ordførar Marte Eide Klovning sitt engasjement for lokalsamfunnet.
Foreslår streng buplikt
Sjølv om kommunedirektøren har funne ei god løysing på sitt eige bustadbehov, meiner han mangelen på husvære på Utsira er eitt av kommunen sine største utfordringar. Han kallar det krise og meiner politikarane må ta tak i dette så snart som mogleg.
Kommunen treng fleire innbyggarar, folk er interesserte i å flytta til Utsira og store prosjekt under planlegging kan om få år medføra mange nye arbeidsplassar, seier Stordal. I budsjetttforslaget sitt for 2026 har han difor peika på ulike løysingar.
– Det mest kontroversielle er nok forslaget om å innføra den strengaste forma for buplikt som lova gir høve til. Det vil seia at det ikkje finst unntak sjølv for dei som arvar hus. Halvparten av husa på øya er no brukte til fritidsbustader. Dersom denne utviklinga får halda fram blir det vanskeleg å oppretthalda kommunen, seier Stordal.
Han er spent på korleis politikarane vil reagera og reknar med omfattande debatt.
Mange flyktningar
Kommunedirektøren har også fleire forslag for å løysa bustadkrisa. Kommunen har mellom anna 14 utleigebustader. Alle desse er utleigde i dag, men det er mogleg å leggja nokre av desse ut for sal.
Det er også mogleg å inngå avtalar med entreprenørar for bygging av til dømes firemannsbustader. Vilkåra kan då vera at kommunen kjøper to husvære og entrepenøren får selja to i kvar eining. Stordal minner også om at kommunen har ledige bustadtomter, men han er klar over at byggekostnadene er høge.
Grunnen til at Utsira har så mange utleigebustader, er at kommunen har tatt imot svært mange ukrainske flyktningar dei siste åra. Ein del av desse har blitt buande, og nokre har også skapt sine eigne arbeidsplassar. No har ikkje kommunen fått spørsmål om å busetja fleire flyktningar neste år.
Nye arbeidsplassar
Dei nye prosjekta som kommunedirektøren nemner og som kan resultera i nye arbeidsplassar, er havvindprosjektet Utsira Nord, men ikkje minst Norwegian Mountain Salmon sine planar om fiskeoppdrett i fjellhallar som skal sprengast ut under øya ved Kvalvika. Eit gigantprosjekt i milliardklassen som det oslobaserte selskapet likevel trur skal bli svært inntektsbringande.
Reguleringsplanen for dette prosjektet skal snart opp til andre gongs behandling i kommunen. Dei siste opplysningane Stordal har fått tyder på at det kan bli behov for 37 årsverk ved anlegget. Kommunen er førespegla skatteinntekter på 15 millionar kroner ekstra i året.
– Det blir svært spennande framover for Utsira framover, seier den nybakte sveibuen som mellom anna les Vestavind for å gjera seg kjent i det nye nærmiljøet sitt.