Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Lei av etterlatne båtvrak
Dei gler seg over alle som brukar Vigdarvassdraget. Gjerne også med båt. Samstundes har dei sett seg grundig lei av alle båtane i dårleg forfatning som berre blir liggjande nær rasteplassen ved Mjelkeneset.
Fleire av båtane er i dårleg forfatning og ber preg av at dei har vore utan tilsyn lenge. Inne mellom trea ligg båtdelar som for eksempel ein vindskjerm. No seier fleire av medlemmene i Vigdar grunneigarlag frå om kva dei meiner. Ein av dei er nyvald styremedlem John Ragnar Tveit.
– Kor er eigarane? Kvifor nyttar dei seg ikkje heller av vrakpantordninga for fritidsbåtar, undrast Tveit.
Vestavind har også fått fleire innspel frå folk som meiner båtvraka er skjemmande og bør fjernast.
Vrakpant
Vrakpantordninga som Tveit viser til, inneber at eigarane får utbetalt 1.000 kroner for båtvrak inntil 15 meter eller 49,2 fot. Ordninga gjeld såleis for båtane som er etterlatne ved Vigdarvatnet. Her er det snakk om båtar opp til 14-15 fot.
– Me vil gjerne bli kvitt desse vraka og har diskutert dette i styret. Problemet er berre at grunneigarlaget ikkje er grunneigar på staden og dermed ikkje mandat til å få dei fjerna, seier Tveit.
Dette blir også stadfesta av kommunalsjef teknisk Kenneth Tollefsen i Sveio kommune.
– I utgangspunktet er det grunneigar sitt ansvar å følgja opp båtar som er plasserte på vedkomande sin eigedom utan samtykke. Sveio kommune har eit ansvar for å følgja opp om det er snakk om fare for forureining, skriv Tollefsen i ein e-post til Vestavind.
Sveio kommune er ikkje grunneigar i dette området. Rasteplassen og området omkring tilhøyrer Vestland fylkeskommune, og nokre av dei omalte båtane ligg på denne eigedommen. Andre ligg i vika innanfor, som er del av ein større eigedom med tre private eigarar.
Tollefsen viser også ordningar som finst for kostnadsfri levering av båtar i tilfelle der båteigar ikkje sjølv er interessert i å nytta vrakpantordninga. Som eksempel viser han til eit gjenvinningsfirma på Karmøy som hentar båtvrak, kasserer inn vrakpanten for dei og høgg båtane.
Reine båtar velkomne
Bortsett frå båtvraka som blir etterlatne og der namna på eigarane ikkje er kjende, har ikkje Vigdar grunneigarlag noko imot at folk har med seg eigne båtar til bruk på vatnet.
– Me får av og til spørsmål om dette. Svaret er ja så sant båtane er reingjorde slik at dei ikkje fører med seg smitte frå andre vassdrag. Det er same regelen som gjeld for fiskereiskap, seier Tveit.