nyhende
Låvedørane opne frå i dag – med ein spesiell bokserie for sal
Til tider kan det vera heilt spesielle ting å finna i hyllene på Gjenbruksløa. Komplett serie av Sveio Gards- og ættesoge var blant skattane då løa opna igjen i dag.
– Det er første gongen me har alle dei tre banda av Sveio-bøkene inne. To av desse er ikkje lenger i handelen, så desse blir det bodrunde på, seier leiar for Sveio Gjenbruksbutikk, Per Bjørn Habbestad. Han gler seg over at Gjenbruksløa igjen har ope. Dagane er som før fredag og lørdag.
Utstillingsarealet, på heile 600 kvadratmeter fordelt på tre plan, er no fylt opp med alt som tenkjast kan. Rundt 60 frivillige deler på vakter og oppgåver.
Går så det susar
I fjor hadde Gjenbruksløa stengt to og ein halv månad grunna covid-19. Likevel blei årsresultatet 930 000 kroner, berre 30 000 kroner unna 2019-resultatet.
Gjenbruksløa starta opp i august 2014, med det formål å skaffa pengar til å finansiera Sveio soknehus.
– Resultatet så langt er 6,5 millionar kroner, noko som tilsvarar langt over forventningane. I løpet av halvtanna år skal Soknehuset vera gjeldfri, seier Habbestad.