nyhende
Lause takstein trugar tryggleiken på kyrkjegarden
Kapellet på Framnes gravplass er i så dårleg forfatning at det er sett opp sperreband for å forhindra at besøkjande til kyrkjegarden får takstein i hovudet.
På Framnes kyrkjegard er faren for å få takstein i hovudet så stor at det er sett opp sperreband rundt delar av kapellbygningen. Ifølgje Johannes Norman er det fleire år sidan det blei oppdaga lekkasje i taket, og at det no er på høg tid å få gjort noko med det.
Treng sårt til oppgradering
– Bygningen manglar takstein fleire plasser, og taket har synlege roteskadar. På sørsida er det lagt ei huntonitplate, men den er ikkje fullgod for å hindra lekkasje. På nord-sida manglar det også takstein, det gjer det også langs mønet. Mosen har gode gode vilkår. Kapellet treng rett og slett ei solid oppgradering, og det straks, fastslår Norman.
Kyrkjegarden blei teken i bruk i 1916, før 1964 høyrde plassen til Vestre Vikebygd. Gravplassen tener i hovudsak folk frå Hovda i sør til Selsås i nord. Ser ein bort frå kapellet, er gravplassen i god stand, og ligg i eit stille og idyllisk skogområde.
Betyr mykje
For Norman betyr plassen mykje. Her er mange i slekta hans gravlagde; oldeforeldre, doble sett besteforeldre og foreldra. Kona hans, Kirsten, er også gravlagd her. Grava er så ny at ho ennå ikkje har fått minnestein.
Uverdig
Ifølgje Norman var det etter ei gravferd på Framnes i fjor sommar at det blei sett opp sperreband langs eine langsida av kapellet.
– Klokkaren måtte ta pause i kiminga for å ropa til dei sørgjande at dei måtte halda seg unna kapellet grunna fare for at takstein kunne detta ned. Det blæs kraftig den dagen, så åtvaringa var begrunna, men det var litt utidig, fortel sveibuen.
Viktig kulturminne
Det er Fellesrådet som har ansvaret for gravplassar og kyrkjelege bygningar i Sveio. Ifølgje kyrkjeverje i Sveio, Ottar Krakk, vart det i løpet av 2020 oppdaga alvorlege skader på taket til bygget på gravplassen på Framnes. Det var kjent at det var dårleg også frå tidlegare, men alvoret vart klart sommaren/hausten 2020.
– Me ser bygget på Framnes først og fremst som eit viktig kulturminne, då det har liten praktisk bruk. Me ønskjer å få gjort noko med dette så snart som mogleg, og skulle ønska at det var gjort for lenge sidan, seier Krakk.
Lovar utbetring
Kyrkjeverja forklarar vidare at finansiering er samstundes kommunen sitt ansvar. Det var ikkje tilgjengelege midlar i 2020 utover kostnaden med ei lita mellombels løysing.
– Det er no i 2021 sett av midlar på kommunen sitt investeringsbudsjett til «Rehabilitering kyrkjebygg» og me må prioritera å nytta ein større del av desse til rehabilitering av kapell-taket på Framnes. Beløpet som er sett av til «Rehabilitering kyrkjebygg» vart likevel vesentleg redusert for 2021 i høve til det som låg inne i tidlegare vedtatt økonomiplan, det vil difor ikkje vera rom for særleg med andre tiltak på kyrkjebygga i 2021, opplyser Ottar Krakk.