nyhende
Lausdriftskrav: For kvart nye fjøs er det fire som legg ned
Omleggingstakten frå båsfjøs til lausdriftsfjøs må doblast om alle skal halde fram drifta etter 2034. Tine slår alarm om at vi mister for mange mjølkebruk.
Frå og med 2034 er det påbod om at kyr ikkje lenger skal stå i bås, men kunne gå fritt.
Om alle dagens båsfjøs skal bli lausdriftsfjøs innan då trengst det 330 nye fjøs i året, men i år ligg det an til at byggetakten blir på rundt det halve, ifølgje tal frå Innovasjon Noreg, som så langt i år har gitt investeringsstøtte til 161 fjøs.
Ropar varsku
Landets største meierikonsern, bondeeigde Tine, ropar varsku om at omstillinga til lausdrift går for seint.
– Tine har i fleire år sagt at utviklingstakten er for låg til å få alle med vidare i 2034, seier direktør for næringspolitikk i Tine, Gunnar Dalen til Nationen.
3.304 båsfjøs forsvunne
Dei siste ti åra har andelen lausdriftsfjøs auka frå 31 til 57 prosent, ein auke på 741 fjøs. På same tid har 3.304 båsfjøs forsvunne, meir enn fire gongar så mange som er omstilt.
– Vi vil ha med så mange som mogleg og helst alle. I tillegg er det mange godt vaksne lausdriftsfjøs som må fornyast. Det kostar også pengar. Det er bruk for meir investeringsstøtte, seier Dalen.