nyhende
Laurdagsopent for røysting
Meir enn 250 personar har allereie gitt si røyst i spørsmålet om Sveio kommune bør tilhøyre Rogland eller Vestland. No opnar kommunehuset også laurdag 18. desember for førehandsrøysting.
Det er knytt stor spenning til utfallet av den rådgjevande folkerøystinga over kva fylke Sveio kommune skal tilhøyre i framtida.
Sjølve røystedagen er 10. januar, men sidan 1. desember har det vore opna for førehandsrøysting på kommunehuset. Den mogelegheita er open fram til 7. januar.
— Så langt har om lag 250 personar førehandsrøysta, opplyste ordførar Linn Therese Erve (Ap) til Vestavind fredag.
Held opent laurdag
Førehandsrøystinga har fram til no gått føre seg på kommunehuset i opningstidene på vekedagane.
— No opnar vi også kommunehuset laurdag 18. desember, slik at dei som ikkje har høve til å førehandsrøyste i vekedagene får mogelegheit til det, opplyser ordføraren.
Førebels er dette einaste laurdagen lokalet held opent i perioden med førehandsrøysting.
«Stikk og røyst»
Kommunen har også gjennomført kampanjedagar med «Stikk og røyst», kor det har vore plassert ut valbod på Soknehuset kor vaksineringa mot koronasmitte føregår.
— Mange har nytta seg av det tilbodet, som er noko me kjem me til å gjenta, fortel Erve.