nyhende

Lastebilsjåfør i tredje generasjon

Håvard Valen Lie (23) er tredje generasjon lastebilsjåfør, og nyttar kvar anledning til å framsnakka yrket.

Publisert Sist oppdatert

Trass sin unge alder er Håvard Valen Lie alt godt etablert i transport- og logistikkbransjen med eit breitt kontaktnettverk for å kunna driva transport i heile vårt langstrekte land.

Lie Langtransport AS er eit ungt selskap, men har likevel røter tilbake til 1968 då Reidar Lie starta med transport av aluminium frå Hydro på Karmøy til Nord-Sverige/Finland med splitter ny Mercedes LP 1623. Han var 37 år då han kjøpte sin første bil. Frå langtransport i starten, gjekk det etter kvart over til tippbil og brøyting. Reidar er likevel mest kjent for si drosjeverksemd.

Ulveraker sommaren 1969: Her har søskenflokken Lie på Ulveraker stilt opp framfor pappa Reidar Lie sin nye Mercedes LP 1623. Frå venstre Inge Tommy, Henning, Reidun og Frank Roy.

På 80-talet kjøpte han ilag med sonen Inge Tommy Lie, langtransport-bil nummer to. Junior likte å køyra langt, snart blei det mange turar mellom Sør-Sverige og Haugesund. Håvard Valen Lie er tredje generasjon. Han starta opp eiga verksemd, Lie Langtransport, som no etter kvart har blitt til Lie Langtransport AS.

Brenn for lastebilar

Interessa for alt som har med motor å gjera har vore stor heile livet, det vera seg alt frå motorsykkel til båt og anleggsmaskin. Alt som gutunge bygde han sin eigen garasje. Den blei snart fylt opp med verktøy, plenklypparar og anna utstyr som var hans og vart flittig brukt.

Men det er lastebil han verkeleg brenn for. I 2018 var saknet etter lastebil så stort at den tiltakslystne unge valestrendingen starta opp Lie Langtransport.

– Då eg kom heim med ein Scania frå Surnadal i august det året, var det tårer i auga blant onklar og tanter som heile tida har kjent på saknet etter ein trailer på tunet heime på Ulveraker, smiler Valen Lie.

Mange jern i elden

Året etter blei selskapet Lie Langtransport AS danna. Verksemda har i dag fire tilsette, deriblant far til Håvard – Inge Tommy Lie. I dag kombinerer tredje generasjon jobben som dagleg leiar i sitt eige transportfirma med jobb i Nordsjøen. Han er utdanna prosessteknikar og er tilsett i oljeprodusenten Vår Energi, eigd av italienske ENI.

I oppveksten var Valen Lie alltid kjapt ute og melde seg som sidemann når sjansen baud seg, men sidan alle barne- og ungdomsåra hans var heilt fri for lastebil heime på tunet, var det altfor sjeldan, syntest han.

Firmanamnet er inspirert etter logoen på bilen som pappa Inge Tommy Lie (biletet) køyrde på 80-talet.

Lærte av dei eldre

– Eg lærte å ta til meg alle historiene som far min, farfar og onklane mine fortalde og viste meg, fortel Valen Lie. Han vil også trekkja fram ein lokal person som har inspirert han.

– Eg hugsa den nye Scania R 580 som stod på idrettsplassen som scene i Valestrand ein gong rundt 2006, og har etter det sett opp til Gustav Eidsvåg når det gjeld transport, bil og trailer. Han er eit stort namn i transportnæringa, rosar den unge valestrendingen som elles nyttar kvar anledning til å framsnakka lastebilyrket generelt.

Samfunnsnyttig

– Som lastebilsjåfør gjer du ein viktig jobb i samfunnet, samstundes som det er eit krevjande yrke. Eg meiner det er ei av dei yrkesgruppene der du kan treffa på flest, både unge og eldre, som verkeleg brenn for jobben sin. Mange arbeider meir enn det som er forventa, dei pussar og gnikkar og steller langt utover arbeidstid og det dei har betaling for. Dei har stort eigarskap til utstyr, godt forhold til kundar og er nøye på at lasta kjem sikkert fram.

Mykje har endra seg sidan bestefar Reidar kjøpte sin første lastebil for meir enn 50 år sidan. Vegane og køyretøy har blitt betre, men utanlandske selskap har sirkla seg meir og meir inn på innanlandstransportar. Dette er noko den unge Valen Lie nikkar bekreftande til.

Godt utstyr er alt

– Farfar bruka seia: – «Det er ikkje arbeid å køyra trailer lenger!». Han kunne tenkja seg å prøva ein ny bil, det rakk han aldri. Men utan tvil var det eit kjempehardt yrke før; bilane var tunge å køyra, vegane mykje dårlegare. Heller ikkje hadde dei telefon, GPS, ABS-bremser eller anna hjelpemiddel i bilen, noko me i dag ser på som ein sjølvfølgje.

Eit godt musikkanlegg om bord er også eit «must», meiner Valen Lie. Favorittmusikken hans er alt frå god gammaldags rock til country og elles mykje forskjellig.

Breitt spekter av oppdrag

Som firmanamnet tilseier er det mest langtransportoppdrag det går i for tida. Mykje av lasta er spesialtransport over lengre distansar; det betyr at det er ekstra breie, høge eller lange kolli som skal fraktas og som det trengst spesialløyve for å frakta.

– Me kjører mykje aust-vest, oftast to gonger i veka. Då brukar me lukka skapbil-vogntog, det går i stykkgods og partilaster for dei større speditørane. Men me kjører vel så mykje langs Vestlandet med oljeutstyr eller vidare til Nord-Noreg, mellom anna Sandessjøen og Hammerfest.

Ifølgje Valen Lie blir det også køyrd mykje på spotmarkedet. Det kan vera gode rundturar der ein både er rundt Sørlandet, vidare til Austlandet og Trøndelag, før ein endar opp på Mørekysten og heim igjen via flotte vestlandsfjordar. Lasta kan vera alt frå krandelar til landbruksutstyr og maskinar, samt båtar eller farlege kjemikaliar og sprengstoff.

Dei beste turane

Når me ber 23-åringen trekkja fram to av dei kjekkaste turane han har hatt, er han ikkje i stuss:

– Det må vera då eg køyrde opp via Helgelandskysten til ei lita «øde» øy, Sør-Arnøy, sør-vest for Bodø. Der leverte eg utstyr til fiskeslakteri som eg henta i Ålesund.

– Ein anna gong skulle eg levera ein del til ei krane som skulle montera vindmøller i Snillfjord (mellom Orkanger og Hitra). Etter pålastinga i Stavanger vart eg 22 meter lang og 3 meter brei. Båten som eigentleg skulle frakta varene grunnstøytte utanfor Stavanger, det var difor eg fekk dette oppdraget.

Han er glad for at korona-pandemien har hatt lita innverknad på drifta fram til denne tid. Ifølgje Valen Lie ønskjer verksemda også etter kvart å driva med meir lokal maskintransport, då med ny maskintralle som er under bygging i Tyskland.

– Farfar ville vore stolt!

– Kva seier far din til at du har gått inn i dette yrket?

– Papen plar ikkje seia så mykje, men har kommentert at hadde farfar levd, hadde han vore stolt. Farfar fekk diverre aldri oppleva dette, men også eg trur at han ville vore stolt. Reidar (1931-2012) var ein mann av vegen, køyrde til siste slutt. Han skulle køyra, ikkje bli køyrd av nokon.

Powered by Labrador CMS