nyhende
Lastebil fekk motorstopp i vegbanen
Tysdag ettermiddag sa det stopp for ein utanlandsk lastebil på E39.
– Det skjedde rundt klokka 15.00, seier vaktsjef ved Haugesund politistasjon, Håkon Tornes.
Tysdag ettermiddag fekk ein utanlandsk lastebil problem i motoren då den køyrde gjennom Førde. På veg frå 50- til 80-sona sa det stopp, og lastebilen vart ståande i vegbanen.
– Det var litt utfordringar, men trafikken gjekk eigentleg greitt forbi. Bergingsbil vart bestilt, og lastebilen var fjerna innan klokka 18.30. Ingen stor dramatikk, seier Tornes.