nyhende
Lanserer film om kystfolket: – Aldeles på sin plass
Filmselskapet Aldeles lanserer ein stor dokumentar om folket langs norskekysten. Folk dei har snakka med meiner det er på høg tid.
På Vestlandet er det bergensbaserte filmselskapet Aldeles nok mest kjend for filmen «Bergen – i all beskjedenheit.» Filmen kom ut under pandemien, men gjorde det likevel skarpt på både fjernsyn og kino, med 800.000 sjåarar på NRK.
Under arbeidet med filmen, som trass alt handlar om Bergen by, oppdaga filmskaparane mykje meir dokumentarmateriale enn det som kunne passa seg i ein så geografisk avgrensa film. No byggjer dei vidare på arbeidet, og kjem med filmen «Havfolket,» om folket langs heile norskekysten. Eller, nesten heile, då.
– Me valde å konsentrera oss om kysten frå Stavanger til Kirkenes, rett og slett fordi me måtte ha ei avgrensing.
Det seier Elin Sander, ein av dei tre regissørane. Saman med ein av dei andre, Elisabeth Kleppe, har ho sett seg ned med NPK for å fortelja om filmen som kjem ut på nyåret. Den siste regissøren, Henrik Hylland Uhlving, hadde ikkje høve til å koma.
Hårete mål
– Fyrst av alt, kan de fortelja litt om inspirasjonen bak filmen?
– Då me jobba med «Bergen – i all beskjedenheit» var me innom mange arkiv, alt frå Nasjonalbiblioteket til privatpersonar, og me fann mykje materiale me ikkje hadde plass til. Me ønskte å laga noko av det, og ideen om kysten kom. Kva er eigentleg kystfolket sin identitet? spør Sander retorisk.
Elisabeth Kleppe stemmer i :
– Det er eit hårete mål me har sett oss. Noreg er ikkje berre budeier og rosemåling; me vil gje folket langs kysten ein større plass. Bondekulturen har alltid hatt høgare status.
Ho meiner at områda lengre inne i landet tradisjonelt kan ha vorte sett på som meir ubesudla og meir «ekte norsk» enn kulturen ved kysten, som var sterkt påverka av at mange der reiste ut i verda, og av internasjonale kjøpmannsstader som til dømes Bergen og Hammerfest.
Når dei har fare kringom og snakka med folk, har mange sagt at dei tykkjer ein slik film er på overtid.
– Det som har vore så gledeleg, er at når me har spurd om folk vil vera med på filmen, har dei sagt «endeleg kjem ein slik film.» Eg trudde ikkje det ville skapa slikt engasjement, seier Sander.
Eit puslespel
At folk har vore såpass villige til å delta, leidde til det som må kunna kallast eit luksusproblem. Filmskaparane enda opp med ein heile masse film frå private samlingar og arkiv i ymse tilstand, som måtte restaurerast og digitaliserast.
– Ein gong fekk me ein haug filmrullar i ein hockeybag, flirer Kleppe.
Til det fekk dei hjelp både av Nasjonalbiblioteket, og av filmguruen Antonio Stasi i Bergen. Han driv ein av dei særs få forretningane i landet som spesialiserer seg på analog film og kamera. Etter det måtte film frå eit heilt århundre klippast saman til eit heile.
– Det er som å byggja eit fire etasjars hus av tannpirkarar. Film var luksusvare og mange av klippa er berre nokre skund lange, seier Kleppe.
I tillegg har dei også nytta film frå andre offentlege arkiv, til dømes NRK og Filmavisen. Alle desse kjeldene var nyttige då dei ville ha med hendingar som brenninga av Finnmark. For det er slett ikkje berre Vestlandet som har fått plass i dokumentaren.
Finnmark må med
– Det som er litt vittig, er at då me gjekk gjennom alle episodane av «Filmavisen» over noko slikt som 25 år, var det særs få saker frå kysten, og i alle fall frå Nord-Noreg. Det seier noko om korleis desse stadene har vore til stades i det nasjonale nyhendebiletet. Eg har jo alltid tenkt at Nord-Noreg er kysten, seier Sander.
Kleppe er heilt samd. Ho har mellom anna ein bestefar frå Finnmark, som i si tid dreiv med sjølaksefiske.
– Nordlendingar er dei beste forteljarane, og dei har ein rik kultur. Me måtte ha med mykje folk derifrå.
Kleppe fortel at det var ganske sterkt å sjå filmar og bilete av Finnmark frå før tida nazistane brann ned heile landsdelen i 1944 til 1945.
– Det var litt hjarteskjerande, ja, men det var også ein vekkjar. Hugs på kor flott denne landsdelen er.
Den viktige kvardagen
Det er likevel ikkje dei store hendingane som er det viktigaste i dokumentaren. Det er alt som skjer mellom dei.
– Private filmar er kanskje ikkje av like god teknisk kvalitet som anna materiale, men det er ein poesi i dei bileta, det er kvardagslivet. Det er det me ønskjer å skildra, forklarar Kleppe.
– Det er ein film som handlar om havet, døden og kjærleiken, og som likevel har mykje humor, legg Sander til.
No står det berre att for både filmskaparar og potensielle sjåarar å venta på premieren. Filmen kjem på kinoar landet over 23. januar, men han får også fleire førpremierar. Den fyrste framsyninga vert 16. januar, og går sjølvsagt føre seg i Bergen.