nyhende

Ordførar André Mundal Haukås, Maria Selland og lærar Camilla E. Solsvik. Foto: Privat
Ordførar André Mundal Haukås, Maria Selland og lærar Camilla E. Solsvik.

Lanserer Barnas røyst etter idé frå 7. klassing

Fredag møtte ordførar André Mundal Haukås opp på Auklandshamn skule for å fortelja at han kjem til å realisera ein idé som kom frå 7. klassingen Maria Selland.

Publisert Sist oppdatert

Maria Selland går i 7. klasse på Auklandshamn skule. For. nokre veker sidan sende ho eit spørsmål til ordføraren: Kunne ein laga til ein lokal vri på «Barnas Nyttårstale» som Unicef har årleg. Fredag kom ordføraren på besøk for å fortelja at ideen hennar nå blir ein realitet for elevar i heile Sveio.

Kontakta ordføraren

– Eg er oppteken av det som skjer rundt oss, både lokalt og i landet elles. Tidlegare har eg sendt inn tekst til «Barnas Nyttårstale», men i år var eg for sein. Då tenkte eg at kanskje me kunne få til noko liknande her i Sveio, fortalde Maria, som saman med lærar Camilla Ernstsen Solsvik sende spørsmålet vidare til ordføraren.

Det var ein stolt ordførar som møtte opp på skulen for å fortelja at forslaget no blir sett ut i livedt.

– Det var utruleg kjekt å få spørsmålet frå Maria. Når eg får slike gode initiativ frå våre born og unge, må me gripa om dei raskt. Me ønskjer å setja fokus på barn og unge sine stemmer og la dei påverka samtalane i kommunen, seier Haukås og legg til:

– Dette er ein moglegheit til å løfta fram dei sakene borna sjølve brenn for, anten det handlar om miljø, rettferd, skulekvardag, eller store og små draumar for framtida.

Skrivefrist til nyttår

Elevane får skrivefrist fram til nyttår, og eit utval, leia av ordføraren og redaktøren i Vestavind vil vurdera tekstane. Vinnaren av «Barnas røyst» får æra av å presentera sitt bidrag gjennom kommunen sine nettsider og i Vestavind. I tillegg til vinnarbidraget vil også dei bidraga som kjem nærast opp, få plass i lokalavisa, kunne ordføraren fortelja.

Redaktør Ellen Marie Hagevik stadfestar dette.

– Eg gler meg til å vera med i juryen og lesa dei tankane borna og dei unge vil dela, seier Hagevik.

Også på Auklandshamn skule blei nyhendet tatt imot med glede fredag.

– Vil fremja skriveglede

– Dette er  ein flott sjanse til å fremja lese- og skriveglede, og dessutan også ein måte å få fram refleksjonar til det som skjer rundt barna, seier lærar Camilla Ernstsen Solsvik.

Ho set stor pris på at tilbodet kjem i gang så raskt, og at alle skuleelvar i Sveio får sjansen til til å delta.

Powered by Labrador CMS