nyhende

Hytter ved Ålfjorden.ARKIVFOTO: IRENE FLATNES HALDIN
Hytter ved Ålfjorden.

Lang ventetid i jordskifteretten

Eigedomstvistar, særleg knytt til problemstillingar i strandsona, gjer at Haugaland og Sunnhordland ligg langt på etterskot med sakskrava.

I fjor kom det inn 40 nye sakskrav, og det blei avslutta 54 saker i Haugaland og Sunnhordland jordskifterett. Talet på føreliggande saker ved årsskiftet var 101.

– Restansane har gått ned, men framleis er det for mange føreliggande saker til at sakene kan takast opp til handsaming innan seks månader slik som forventa, opplyser jordskifterettsleiar Oddmund Roaldkvam, i Haugaland og Sunnhordland jordskrifterett.

Rettsmekling

Rettsmekling har vore eit satsingsområde også i 2020. Mange av dei avslutta sakene blei avslutta ved rettsforlik, anten som følgje av rettsmekling eller som del av hovudforhandling. I dei aller fleste tvistesaker og rettslege skjønn får partane tilbod om rettsmekling.

Koronasituasjonen

Med unnatak av nokre rettsmøter som var planlagt i mars og april, har jordskifteretten hatt tilnærma normal saksavvikling. Fysiske rettsmøter har blitt gjennomført med utgangspunkt i sentrale retningslinjer.

Desse er utarbeida av smittevernmyndigheitene i samråd med Domstoladministrasjonen. Møta har i hovudsak vore avvikla på hotell, fordi kommunehus heilt eller delvis har vore stengt for møteverksemd. Normalt held jordskifteretten rettsmøta sine i eige lokale eller i kommunehus. På nokre rettsmøter har aktørar (partar, vitne, advokatar) deltatt digitalt. 

Sakstypar

Jordskifteretten er ein særdomstol som arbeider med saker etter jordskiftelova. Oppgåvene har endra seg gradvis frå å omfatte problemstillingar knytt til landbrukseigedomar til å løyse ulike problem for alle som eig eller har rettar i fast eigedom. Alle verkemidla kan også nyttast i byar og tettstader.

Jordskifteretten er første instans og lagmannsretten er ankeinstans. Sakstypane vert gjerne delt inn i tre ulike kategoriar:

  • Rettsfastsettande saker: (vegrettar, sjørettar, eigedomsgrenser, fallrettar, rettar i sameige m.m.)
  • Rettsendrande saker: (arealbyte, oppløysing av sameige, bruksordningar, felles tiltak m.m.)
  • Rettslege skjønn: (vegskjønn, servituttskjønn, skjønn om løysingsrettar m.m.)

I følgje jordskifterettsleiar Oddmund Roaldkvam, omhandlar mange av sakene både omtvista rettstilhøve og tilrettelegging for samarbeid på tvers av eigedomsgrensene. Fleire ulike tvistespørsmål kan handsamast i ei og same sak. Difor kan somme saker vere omfattande og arbeidskrevjande. Til dømes kan det vere tvist om vegrett og i tillegg usemje om fordeling av felles vegkostnader eller tvist om pris for innkjøp i felles veg.

Powered by Labrador CMS