nyhende

Språkforskar Helene Uri meiner det er store forskjellar på korleis menn og kvinner blir omtalte, og meiner vi har ein lang veg til likestilling i den språklege verda.
Språkforskar Helene Uri meiner det er store forskjellar på korleis menn og kvinner blir omtalte, og meiner vi har ein lang veg til likestilling i den språklege verda.

Lang veg til likestilling i språket

I eit likestilt land som Noreg er det likevel mykje som skurrar i den språklege verda. For vi snakkar stadig om å manne oss opp og om å ta ting som ein mann. Dette og mykje meir kan provosere språkvitar Helene Uri. Men skikkeleg sint blir ho først når nokon seier ho har ballar.

Publisert Sist oppdatert

Den meritterte forfattaren, språkvitaren og tidlegare professoren har vore opptatt av kjønn og språk heilt sidan ho byrja å studere språk for 40 år sidan.

– Det hjelper også på at eg har to døtrer som har mint meg på kor mykje som er skeivt i språkverda. Eg hugsar enno at dottera mi sa til meg, «Eg er jo ikkje nordmann, eg er jo nordjente».

Språket er ikkje likestilt

Helene Uri har gjennom forsking og observasjonar sett at språket vårt på ingen måte er likestilt.

– I det mest likestilte landet i verda snakkar vi framleis om sistemann, nestemann og mann av huse som den mest naturlege ting. Og det er framleis slik at kvinna ofte berre blir omtalt som kona til eller mora til nokon, og ofte ikkje er nokon i kraft av seg sjølv, seier ho.

Språkvitaren har også merka seg dei mange bloggarane som kallar seg frua til ein eller annan mann, slik som Komikarfrue, Fotballfrue eller Pilotfrue.

– Dette er heilt fint, men eg har vanskeleg for å sjå menn namngje bloggen sin utifrå yrket til kona. Det er ikkje sannsynleg at mannen min skal byrje å blogge, og eg er ganske sikker på at han ikkje ville kalle den eventuelle bloggen for Forfattarektemann, Lingvisthusbond eller Grammatikargubbe, seier Uri.

– Er du ikkje redd for å bli kalla humørlaus og surmaga når du påpeikar all denne språklege skeivheita?

– Eg prøver å gjere det med eit smil, men eg har også veldig mange tal og forsking i ryggen når eg argumenterer for dette. Det er nok av eksempel som viser kor lite likestilt det er i den språklege verda.

Mannsdominert på alle frontar

I boka «Hvem sa hva», viser Helene Uri til både eiga og andres forsking når det gjeld kjønn og språk. I innleiinga av boka fortel ho om eit innslag frå ein litteraturfestival der ein mannleg programleiar intervjua to mannlege forfattarar om bøker skrivne av menn. I salen sat det nesten utelukkande kvinnelege tilhøyrarar.

– Kven kan førestille seg ein situasjon der tre kvinner på ei scene snakkar om kvinnelege forfattarar og med nesten berre menn i salen, undrar forfattaren seg.

Det høyrer også med til historia at dei mannlege forfattarane fekk spørsmål om kva for kvinnelege forfattarar dei las, men kom ikkje på ein einaste.

Når forfattaren har sett nærare på tala viser det seg at det er ein kjønnsmessig ubalanse i alt frå nyheitsstoff til teikneseriar.

– Men det som gjorde mest inntrykk på meg var kor skeivt det er når det dreiar seg om nekrologar. I forskingsmaterialet mitt blir det skrive tre gonger så mange nekrologar om menn som om kvinner, og dei fleste menn skriv om menn. Når det gjeld kvinner derimot, skriv dei like mykje om kvinner som om menn.

– Språket betyr noko

For mange har det ikkje vore så nøye at vi har hatt eit maskulint språk med ord som formann, fylkesmann og sysselmann. Helene Uri, på si side er sikker på at språket vi brukar har konsekvensar for likestillinga og dei vala unge menneske tar når dei skal velje seg karriere.

– Det blei gjort eit forsøk der ein besøkte skuleklassar for å fortelje dei om jobben som politimann. Etterpå var det ingen av jentene som såg for seg dette som eit yrke dei ville satse på. Så gjekk dei same folka inn i ein annan klasse og snakka om det å bli politimann eller politikvinne. Då var det plutseleg like mange jenter som gutar som kunne tenkje seg dette yrket, seier Uri.

Ho viser også til at då vi byrja å kalle helsesøster for helsesjukepleiar, så vart det langt fleire mannlege søkjarar til utdanninga.

– Det er på ingen måte likegyldig korleis vi brukar språket når vi ønskjer å få til eit meir likestilt samfunn, seier ho.

Nynorsk er ei kvinne – bokmål er ein brautande mann

For nokre år sidan skreiv Uri ein kronikk der ho samanlikna nynorsk med ei kvinne og bokmål med ein mann.

– Bokmål liknar ein mann fordi han tidvis er brautande, men mesteparten av tida tenker han ikkje på at han har mest makt, han berre tar det som ei sjølvfølgje. Nynorsk derimot er ei kvinne som påpeikar at ho er like mykje verd og at det er mykje som er urettferdig og at bokmål er dominerande. Det hender ofte at bokmål ikkje gidd å høyre etter når ho set i gang med å skravle og krevje, skriv Uri i kronikken.

Uri påpeikar at både nynorsk og kvinner treng hjelp og støtteordningar, eigne litterære prisar og eigne festivalar for å få meir likestilling.

– NRK har som målsetting at 40 prosent av intervjuobjekta skal vere kvinner og at andelen av nynorsk skal vere 25 prosent. Men i begge tilfelle klarer dei ikkje, slår forskaren fast.

– Eg har ikkje ballar

Språkvitaren synest det er rart korleis vi brukar det mannlege og det kvinnelege når vi skal gi kompliment eller snakke nedsetjande om kvarandre.

– Eg blir nedstemt av den evige koplinga mellom feigskap og kvinner, og den tilsvarande koplinga mellom mot og menn. På same måte er eg lei av at jentete er synonymt med pysete og at når ein mann skal seie noko nedsetjande om ein annan mann så er det at han sikkert sit når han tissar.

Helene Uri er glad i å få kompliment, men dersom det dreiar seg om at ho har byrja å få mannlege utvekstar, så kan det heller vere det same.

– «Du har verkeleg ballar», er ei setning vi kvinner fint klarer oss utan. Kvifor i all verda skal eg bli takknemleg når nokon utstyrer meg med ballar? Som om eg eigentleg spring rundt og lir av penismisunning, som om eg ikkje kan vere uredd og modig med det eg har der nede frå før, undrar ho.

Powered by Labrador CMS