nyhende
— Landets viktigaste vegprosjekt
— Peis på, var den klare beskjeden frå Thomas Haaversen i Sveio ungdomsråd til Statens vegvesen og konsulentselskapet Rambøll etter presentasjonen av planane for ny E39 mellom Bokn og Bømlafjorden.
Statens vegvesen og Rambøll arbeidar med kommunedelplan for den 62 kilometer lange strekninga av E39 mellom utløpet av Rogfast-tunnelen på Bokn og utløpet av Bømlafjordtunnelen nord i Sveio. Kommunestyremedlemmer, ungdomsråda og representantar for kommuneadministrasjonane i Sveio, Tysvær og Bokn var inviterte til presentasjon av prosjektet på eit seminar i Tysværtunet onsdag i sist veke. Målet var både å informera, involvera og be om innspel.
— Dette var veldig interessant. Eg er opptatt av samferdselspolitikk. Det var lærerikt å få innblikk i måten planleggarane arbeidar på. Og det var nyttig å delta i gruppesamtalen. Slik eg ser det, må det vera viktig å bygga vegen slik at han kan tilfredsstilla krava i mange år framover, og ikkje bli utdatert etter 20 år, for eksempel.
Dette seier Haaversen til Vestavind like etter at samlinga i Tysværtunet var avslutta. Saman med ungdomsrepresentanten frå Bokn deltok han i gruppesamtale med ordførarane i Bokn, Tysvær, Sveio og Vindafjord, og ein representant for planleggarane.
Må bygga for framtida
Å bygga for framtida var også eit viktig poeng for Statens vegvesen sin planleggingsleiar for prosjektet, Henry Asle Damman. Han meiner vegen skal byggjast med ein standard som vil vera tilfredsstillande i 75-100 år fram i tid. Bømlafjordtunnelen er eksempel på eit prosjekt som alt er utdatert, minna Damman om.
Kryssinga av Bømlafjorden ligg utanfor det prosjektet som blei presentert i Aksdal, men Damman fortel at ei eiga gruppe arbeidar med det spørsmålet.
— I dag veit dei rett og slett ikkje korleis dei skal få det til, seier planleggingsleiaren.
Damman nølte elles ikkje med å karakterisera E39-utbygginga mellom Bergen og Stavanger for landets viktigaste vegprosjekt i åra framover.
Frå 5.000 til 18.000 bilar i døgnet
— I dette området bur det ein million menneske. Haugalandet og Sunnhordland ligg midt mellom. Når reisetida mellom Bergen og Stavanger blir redusert frå fem til to timar, opnar det for mange moglegheiter i denne regionen.
For folk i Sveio inneber dette at det blir mogleg å dagpendla til arbeidsplassar både i bergensområdet og på Nord-Jæren.
Og framtida har alt starta. Strekninga Svegatjørn-Rådal blei opna i fjor og set standard for korleis vegen vil bli på heile strekninga, sa Damman. I sør er Rogfast-tunnelen under arbeid. Alt når den er ferdig vil trafikkmengda over Bokn auka frå 5.000 til mellom 15.000 og 18.000 bilar i døgnet.
— Vegvesenet sin måte å berekna utviklinga, er svært konservativ. Som oftast er tala våre for låge, legg planleggingsleiaren til.
Bandlegg store areal
Bygging av ny, firefelts E39 gjennom Bokn, Tysvær og Sveio vil få store konsekvensar for kommunane og innbyggarane deira. I planleggingsfasen vil store areal bli bandlagde. Planleggarane ser for seg ein korridor frå Bokn til Bømlafjorden som er rundt 400 meter brei.
Nokre stader vil korridoren bli endå breiare, og nokre stader blir det lagt opp til to parallelle korridorar. Det er mellom anna tilfelle ved Fjon og Haukås i Sveio. Innanfor kvar korridor skal det utarbeidast to alternative forslag til vegtrasear.
I beste fall ser Damman for seg at kommunedelplanen kan bli godkjent våren 2025. Då kan reguleringsarbeidet starta i 2026. Med byggestart i 2033 vil heile vegstrekninga vera klar til opning i 2038.
— Men motsegner under vegs kan forlenga planleggingstida med fleire år. Og utbygginga vil vera avhenging av løyvingar, altså politiske vedtak, understreka Damman.
Her spela han ballen over til lokal politikarane og utfordra dei til å spela ei aktiv rolle for å sikra midlar til utbygginga.
Konfliktområde
Bandlegging av store areal over mange år var noko av det som uroa politikarane mest. Det kom fram i oppsummeringane etter gruppesamlingane. Planleggingsfasen vil også by på utfordringar og moglege interessekonfliktar i forhold til busetnad, landbruksareal, flora og fauna.
I Sveio kan dette for eksempel gjelda omsyn til visse dyre- og fugleartar, myrområde og regnskog. Damman trur området rundt Førde blir mest krevjande i forhold til eksisterande busetnad. Han ba også politikarar og kommunetilsette vera budde på spørsmål om inhabilitet som heilt sikkert vil koma.
Den vegen som skal byggjast, vil få fire felt med midtdelar, og ei total breidde på 23 meter asfaltert veg. Talet på kryss skal reduserast drastisk. I Sveio blir det berre kryss ved Haukås og Valestrand, og kanske eitt mellom desse.
Standarden vil tilfredsstilla krava til fartsgrense på 110 km/t. Den omfattande trafikkauken som ny veg vil medføra, forsvarte Damman med at talet på flygingar samstundes mellom vestlandsbyane vil forsvinna eller bli sterkt redusert. Og overgang til elektrifiserte kjøretøy vil redusera utslepp frå vegtrafikken.
— Krev for mykje natur
Det kom svært få kritiske merknader til planane under plenumssamlingane. I gruppene var nok bildet meir nyansert, og sveiopolitikaren Arne Valen (Sp) seier til Vestavind etter seminaret at han meiner firefeltvegen vil krevja altfor store inngrep i natur og matjord.
Han vil i staden ha ein to- og trefelts veg langs dagens trasé, med fartsgrense på 90 km/t. Vogntog kan i alle fall ikkje kjøra fortare, Og Valen trur ikkje ein to- og trefelts veg vil bli utdatert i løpet av nokre tiår.
— For meg handlar dette mellom anna om mattryggleik. Me må ta vare på den matjorda me har i dag, seier Valen, som er klar over at meiningane om dette spørsmålet er delte også i hans eige parti.
Bildetekstar:
Sp-politkaren Arne Valen frå Sveio (ved enden av bordet) er skeptisk til planane om firefelts E39 gjennom kommunen. Det vil gå for hardt ut over naturen og jordvernet, meiner han. FOTO: EINAR VESTVIK
— Peis på, sa Thomas Haaversen (t.h.) etter presentasjon av planen for firefeltsveg gjennom Sveio. Replikken gjekk til hjarta på planleggarane. Her deltar Haaversen i gruppesamtale saman med blant andre Henrik Ognøy Våge frå Bokn ungdomsråd. FOTO: EINAR VESTVIK
Gruppearbeid under seminaret. Her ser me blant andre rådmann Jostein Førre i gruppa nærast, og kommunestyremedlem Arne Valen (Sp) i gruppa lengst bak. FOTO: EINAR VESTVIK
Kartutsnittet frå Sveio viser den 400 meter breie korridoren gjennom som blir bandlangt i mange år i samband med planleggingsarbeidet. KART: STATENS KARTVERK