nyhende

Pressa rundballeplast er ein sentral del i innsamlinga av plast frå landbruket.
Pressa rundballeplast er ein sentral del i innsamlinga av plast frå landbruket.

Landbruksplasten skal samlast inn som før

Tidlegare i haust vart det kjent at Felleskjøpet har inngått samarbeid med returselskapet Norsirk for å samle inn landbruksplast. Innsamlarar i heile landet vil framleis vere avgjerande samarbeidspartnarar, forsikrar Felleskjøpet.

Publisert Sist oppdatert

Selskapa ønskjer å føre vidare samarbeida med innsamlarar landet rundt, og i tillegg utvikle nye rutinar og ordningar som gjer det enklare for bøndene å samle inn og levere ulike typar landbruksplast.

– Vi vil bidra til at endå meir landbruksplast går til gjenvinning. I dag blir det samla inn om lag 85 prosent av landbruksplasten vi set på marknaden. Vi har ambisjonar om å samle inn alt i samarbeid med innsamlarar og i eigen regi, seier prosjektleiar Hans Kristian Hagen i Felleskjøpet Agri i ei pressemelding.

Felleskjøpet og Norsirk har fått fleire spørsmål om den nye ordninga etter nyheita vart kjent.

– Den nye ordninga trer i kraft frå nyttår. Allereie frå start skal tilbodet til bonden vere like bra som i dag. Ut frå dette skal vi vidareutvikle ordninga til å bli endå betre, seier prosjektleiar Trond Espen McDonald Bygland i Norsirk.

Han understrekar at avtalar med ei rekke eksisterande innsamlarar allereie er på plass, og det kjem stadig til fleire.

Powered by Labrador CMS