nyhende

Rehabilitering av kommunehuset og samlokalisering av tenester:

hovudutval helse og omsorg møte 10.11.20
Møte i hovudutval for helse og omsorg tysdag 10. november.

Landa ikkje på eit vedtak – treng meir informasjon

Då den samansette saka om samanslåing av legekontor, rehabilitering av kommunehuset og eit «familiens hus» var oppe til diskusjon i hovudutval for helse og omsorg, blei det kommentert at den burde blitt delt opp i tre. Utvalet treng meir informasjon, og landa ikkje på noko vedtak.

Publisert Sist oppdatert

Det var mange som hadde tankar å dela då saka blei behandla i hovudutvalet tysdag kveld. Spørsmålet om legekontor blei stemt over først – alle ønskte å behalda det. Meir om dette i denne saka:

Det var ikkje så stor tvil om at noko må gjerast med delar av kommunehuset, derfor blei det mest snakk om familiens hus, og innhaldet i dette.

Sveio Senterparti var først ute med å etterlysa meir informasjon.

– Me ønskjer at saka blir sendt tilbake til rådmannen. Me treng meir oversikt over dei ulike tenestene som skal inn i bygget. Me har ei høgt investeringsprogram, og me kjenner ikkje til om tenestene har dårlege arbeidstilhøve no i dag. Me veit ikkje meir enn at ein ønskjer samlokalisering i «familiens hus», sa Dagfinn F. Bjørge.

– Det handlar ikkje om dårlege arbeidsvilkår, men betre og meir samordna tenester til innbyggjarane, repliserte møteleiar Ruth G. Østebøvik Eriksen.

Kristina Våge Ballard, Sosialistisk Venstreparti

Kristina Våge Ballard frå Sveio Sv hadde også behov for meir informasjon om samlokaliseringa.

– Det står mykje flott, men eg lurer på korleis dette skal fungera i praksis? Dette er ikkje eit forslag, men det ville til dømes vore mykje meir interessant om ei teneste som barnevernstenesta blir lagt i eit interkommunalt samarbeid, der ein ville vore meir tent med å jobba med andre innafor barnevernet. Det er begrensa kor mykje helsestasjonen eller NAV kan hjelpa fagleg, belyste Ballard.

Ønskjer utsetjing

Sveio Arbeidarparti hadde på førehand lagt inn eit framlegg til vedtak i politikarane sin møteportal, som går på å utsetja saka til planlagde investeringsprosjekt er i hamn.

Dette synest ikkje Eriksen var eit godt forslag.

– Å utsetja saka eitt år meiner eg er forkasteleg for dei som jobbar på huset. Ein overbelastar ikkje administrasjonen, rådmannen har lagt inn tid til dette, meinte ho.

I FrP sitt framlegg til vedtak, blei det mellom anna nemnt at ein kunne vurdera å samla tenester under eitt, i umiddelbar nærleik til Sveiogata, som går gjennom Sveio sentrum.

– Eg ser ikkje kvifor ein skal ha alt under eitt hus. Ein kan ha det spreidd, sa Brit Elin Mølstre frå Sveio Sp.

Mykje fornuftig

Då spørsmålet om legekontoret var stemt over og luka vekk, låg det fire ulike forslag til vedtak i bordet som gjekk på dette med rehabilitering og samlokalisering av tenester.

– Eg er sikker på at det vil bli ein god prosess. Det vil bli avgjort i kommunestyret til slutt. Eg trur ikkje det er så farleg kva som blir vedtak i kveld, for her er mykje fornuftig, eg støttar tankane de har, sa Ballard.

Utvalsleiar Eriksen foreslo å ikkje stemma over nokon forslag, men la alle innspela følgja saka til formannskapet.

– Dei er så forskjellege. Det vil vera mykje betre om ein får «knadd» på dei i to veker, så kjem ein kanskje fram til noko ein vil einast om.

God vilje

– Vil det framstå som uryddig om me ikkje klarar å bli einige om noko, undrast Bjørge frå Senterpartiet.

– Ut i frå debatten trur eg me alle har god vilje for å løysa saka, eg meiner det ikkje er fallitt å gjera det på denne måten. Dette er vanskeleg på ståande fot, sa Torgeir Katla (Ap), varamedlem for Svein Mathias Lie (FrP).

Maren Kristine Lye Bårdsen og Torgeir Katla (vara) frå Arbeiderpartiet. I bakgrunnen kommunalsjef Ingunn Toft.

– Eg trur me har moglegheit til å komma fram til noko me alle er einige om. No har me god tid til å snakka med partia våre, slik at me kan få til noko bra i kommunestyret. Me får snakka på tvers alle saman, og få til eit godt vedtak som alle kan stå bak, sa Ballard frå Sv.

Dette var Eriksen einig i.

– Jo større einigheit det er i kommunestyret, jo betre står det seg for framtida, meinte ho.

Då blei det altså ikkje noko anbefaling frå hovudutval helse og omsorg til formannskapet, men alle forslaga til vedtak kjem til å følgja saka.

Slik gjekk det i HOK

Hovudutvalet for oppvekst og kultur diskuterte også saka same kveld. Me har fått tilsendt vedtaket, fremja av John Kristian Økland (H), på vegne av FrP og Høgre. Dette er basert på eit framlegg FrP hadde sendt ut til heile HOK i førekant. Forslaget fekk 4 av 7 stemmer:

  1. Prosessen med sammenslåing av legekontor stoppes.
  2. Kommunestyret ber rådmannen sondera moglege lokaler (eksisterande eller planlagde) som kan vera aktuelle for ei auka samlokalisering av dei kommunale tenestene barnevern, psykisk helse, helsestasjon, habilitering og NAV.
  3. Kommunestyret ber rådmannen detaljere ut Sveio kommunes framtidige plassbehov for administrasjonen.
  4. Kommunestyret ber rådmannen fremskaffa ein budsjettkris på riving av den eldste delen av kommunehuset og sikring/tetting mot resterande bygningsmasse samt naudsynt oppgradering av 1964-bygget.
  5. Planleggingskostnadar ved bruk av konsulentar til utgreiing vert å dekkja på prosjekt 30002 der det er gjenstående midlar på kr 890 000.
  6. Saka vert å leggja fram for kommunestyret på nytt hausten 2021.
Powered by Labrador CMS