nyhende

Fiskeoppdrett:

Oppdrettslaksen har det stort sett greitt, konkluderer Havforskingsinstituttet. Men risikoen for påverknad av villaks er framleis stor i fleire område. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Oppdrettslaksen har det stort sett greitt, konkluderer Havforskingsinstituttet. Men risikoen for påverknad av villaks er framleis stor i fleire område.

Lakselus og genetisk endring hos villaks er framleis den største miljørisikoen

Lakselus og genetisk påverknad frå rømt oppdrettslaks er framleis den største miljørisikoen ved fiskeoppdrett, konkluderer Havforskingsinstituttet (HI) i sin risikorapport.

Publisert Sist oppdatert
Spesielt i produksjonsområda frå Sunnhordland til Stadt meiner forskarane at det kan vere ein risiko for dødelegheit hos utvandrande laksesmolt. I det same området er det høg risiko for genetisk endring hos villaks.

– Også i områda frå Nord-Trøndelag til Loppa ser vi at det er høg risiko for genetisk endring, seier redaktør og havforskar Ellen Sofie Grefsrud på HIs nettside.

Når det gjeld påverknad av lakselus på sjøaure, er risikoen stor heilt frå sørlandskysten til Nordmøre og i Nord-Trøndelag.

Fiskeoppdrettarane lovar å jobbe for å redusere risikoen.

– Vi tar på høgste alvor det Havforskingsinstituttet kjem med og vil jobbe endå meir for å bli betre. Å hindre rømming står svært høgt på dagsordenen vår, seier organisasjonssjef Kjetil Hestad i Sjømatbedriftene til Nynorsk pressekontor.

Stressa fisk

Elles er konklusjonen at oppdrettslaksen stort sett har det greitt. Men avlusingsmetodane gjer at fisken blir stressa, og det fører ifølgje forskarane til høg dødelegheit. Og reinsefisken er ikkje tilpassa eit liv i merdane, og velferda deira blir karakterisert som veldig dårleg.

– Det er svært uheldig at fisk døyr i samband med avlusing. Det kjem av at han blir stressa når han må stå tett før sjølve behandlinga. Vi jobbar både med å korte ned tida han må stå tett, og med nye måtar å avluse på, seier Kjetil Hestad i Sjømatbedriftene.

Låg risiko for næringssalt

Rapporten viser at det er låg risiko for negative miljøeffektar på grunn av utslepp av næringssalt frå oppdrettsanlegg. Årsaka er at vi i utgangspunktet har næringsfattig kystvatn og at dei fleste oppdrettsanlegga ligg i område med god vassutskifting.

Når det gjeld fôrspel og utslepp av fiskeskit, så skil forskarane mellom blautbotn og hardbotn. I område med blautbotn er miljøtilstanden under og nær oppdrettsanlegga svært god eller god etter brakkleggingsfasen, og risikoen er låg. I område med hardbotn blir risikoen for negativ påverknad vurdert som moderat.

Torskeoppdrett kan true kysttorsken

Interessa for torskeoppdrett har vore aukande dei siste åra, og derfor har havforskarane gjort ei eiga risikovurdering av korleis torskeoppdrett påverkar kysttorskbestandane. Konklusjonen er at dersom næringa tek i bruk alle lokalitetane dei har søkt om, kan torskeoppdrett utgjere ein risiko mot kysttorsken frå Stadt og nesten nord til Bodø.

– Det står verst til med kysttorsken sør for Stadt, men sidan produksjon av torsk er veldig låg her og næringa ikkje har søkt om nye lokalitetar i dette området, så blir risikoen for at oppdrettstorsk skal påverke villtorsk sett på som låg, seier havforskar Pål Arne Bjørn.

Det største problemet er truleg at oppdrettstorsk rømmer eller kjem til å gyte i merdane. Dersom rømd torsk og egg spreier seg i lokalmiljøet, kan han utvikle seg til kjønnsmoden fisk som gyter saman med villtorsk. Det vil over tid påverke gena til kysttorsken.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS