nyhende

Lågtflygande berehjelp frå Auklandshamn til Haukås

Mangfaldige tonn med trykkimpregnert trevirke blei laurdag 26. april skyssa med helikopter frå Stølen i Auklandshamn og ut på stiane mot Haukås. Heile 64 sleppunkt var merka av på kartet, og mange frivillige var ute i terrenget for å hjelpa til.

Publisert Sist oppdatert

Rådgjevar for samfunnsutvikling i Sveio kommune, Marit Persen Liknes, er imponert over bygdelaga og alle dei frivillige som stiller opp til dugnad.

– Me har jobba med dette prosjektet sidan 2022. Auklandshamn bygdelag, Bua bygdelag, Haukås og Tveita Vel og Sveio kommune. At me no har kome så langt at det blir ein realitet, er me veldig glade for, seier Liknes.

Liknes legg ikkje skjul på at det har vore ein lang veg fram til den turløypa som no skal ryddast og oppgraderast. Hovudtrasé var tenkt å gå mellom dagsturhyttene Nipaståvo og Golfståvo, men grunna utfordringar med nokre grunneigaravtalar, går hovudtraséen no frå Haukås til Stølen.

Ein kort gjennomgang med pilot Martin Winje på korleis kroken under helikopteret fungerer og surring av stropper.

Formidabel dugnadsinnsats

Heile prosjektet er kostnadsberekna til om lag 2,8 millionar kroner og er kanskje det største turstiprosjektet i Sveio si historie. Spelemidlar og kommunalt tilskot kjem i tillegg til ein enorm dugnadsinnsats. Det skal opparbeidast nye stiar, ryddast eksisterande stiar, og retningsskilt etter norsk standard skal på plass.

Stiane har mange svært våte parti, og derfor skal det leggast klopper, slik at turgåarar kan gå nokolunde tørrskodde. Det er material til dette og nokre rastebenkar, som blei flydd ut med helikopter frå Stølen laurdag.

Det tok ikkje mange sekund frå helikopteret kom til det var av garde med ei ny ladning materialar. Video: Kjartan Moe Hustvedt

Rutinejobb

Pilot Martin Winje hadde ei kort innføring til dei frammøtte om korleis ein skal kveila stropper og korleis kroken under helikopteret fungerer. Sjølv om dette er for ein rutinejobb å rekna, er det sjølvsagt ting å passa på.

– Det er alltid eit faremoment når ein flyr over folk og hus, konstaterer Winje.

Etter opplæringa la store deler av dugnadsgjengen i veg ut i terrenget mot der lasta skulle sleppast. Med så mange som 64 sleppunkt, måtte stroppene sendast tilbake til Stølen for å brukast fleire gonger.

– Me spring til me får beskjed om å stoppa, smiler Brian Lie, som er ein av rundt 30 personar frå bygdelaga som skal i sving denne laurdagen.

Otto Anderbakke hadde radiokontakt med piloten og festa løftekroken i dei klargjorde materialhaugane.

Tunge plankar

Prosjektleiar Leif Grindheim kunne på telefon søndag melda at alt hadde gått bra laurdag og at alt var kome dit det skulle, om ikkje heilt utan utfordringar.

– Nokre av hiva var altfor tunge for helikopteret, så dei måtte splittast og flygast i ein to-gong, fortel Grindheim.

– Materiala blei produsert i starten av april, og i staden for å vega 6 kilo per meter plank, så var det nærmare 10 kilo per meter. Derfor blei det til saman 80 turar på helikopteret mot dei planlagde 64, seier Grindheim, som er godt nøgd med laurdagens innsats.

Montering og legging

Leiar i Bua bygdelag, Svein Olaf Bua, inviterer alle som vil til dugnad på laurdagane framover.

– Det er ikkje sett opp ein heilt detaljert plan ennå, men det skal ryddast sti, monterast rastebenkar og klopper, drenerast og skiltast. Meir enn nok arbeid til alle som vil bidra, det er berre å ta kontakt, seier han.

Powered by Labrador CMS