nyhende

Nordmenn flest handlar stort sett maten sin i éi av desse kjedene. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Nordmenn flest handlar stort sett maten sin i éi av desse kjedene.

Lågpriskjedene dominerer daglegvaremarknaden

Coop, Norgesgruppen og Rema dominerer daglegvaremarknaden. Det går ut over nærbutikkane og konkurransen i marknaden. Rema har auka mest.

Publisert Sist oppdatert

Konkurransetilsynet la fredag fram kartlegginga si av daglegvarebransjen for 2024.

Norgesgruppen har ein marknadsdel på 43,5 prosent, Coop 29,2 prosent, Rema 23,9 prosent, og Bunnpris 3,3 prosent.

Nordmenn handlar rundt 95 prosent av maten sin frå éin av dei tre store kjedene.

Dersom det skal bli betre konkurranse i daglegvaremarknaden, må etableringshindringane ned, understrekar tilsynet.

Ber om endring i importvernet

Dei peikar særleg på importvernet som ei hindring.

Importvernet skal verne bøndene ved å jamne ut kostnadsforskjellane mellom eigen matproduksjon og produksjonen i dei store eksportlanda. Men konsekvensen er at dette også skjermar leverandørar og daglegvarekjeder mot konkurranse, ifølgje tilsynet.

Dei meiner endringar i importvernet må greiast ut for å gjere det lettare å etablere seg som konkurrent i den norske daglegvaremarknaden.

– Utan endringar i dette regelverket vil det vere avgrensa kor store forandringar det er mogleg å få til, heiter det i rapporten.

Lågpris-vekst rammar nærbutikkane

Lågprisbutikkane til Coop, Norgesgruppen og Rema har alle auka omsetninga det siste året, og samla er auken på 4,8 prosentpoeng. Veksten har gått ut over nærbutikkar og butikkar med eit breiare utval, ifølgje Konkurransetilsynet.

Blant daglegvarekonserna har Rema auka mest dei fem siste åra, medan Norgesgruppen har hatt den største nedgangen.

Marknadsdelane til daglegvarekjedene har likevel vore stabile over tid, og det er snakk om små endringar frå år til år.

Kiwi størst blant lågpriskjedene

Den nasjonale daglegvaremarknaden består av omtrent 4.000 enkeltbutikkar.

Lågpriskjedene dominerer marknaden. Kiwi er framleis den største kjeda etter å ha passert Rema i 2023. Extra har hatt den største veksten blant lågpriskjedene, men det kjem delvis av at fleire Prix-butikkar er omgjorde til Extra-butikkar.

Det er store regionale forskjellar. Norgesgruppen er størst nasjonalt, men har lågare marknadsdelar i Midt- og Nord-Noreg. Der er Coop sterkare.

I dei 50 minst folkerike kommunane i landet har Coop nesten halvparten av omsetninga, medan Rema har minst.

Powered by Labrador CMS