nyhende

- Dei fleste som vart permittert etter 12. mars har fått utbetalt lønskompensasjon, men framleis kan det vera nokre i regionen som ikkje har fått, seier Astrid Østerlid, leiar i NAV region Sunnhordland.
- Dei fleste som vart permittert etter 12. mars har fått utbetalt lønskompensasjon, men framleis kan det vera nokre i regionen som ikkje har fått, seier Astrid Østerlid, leiar i NAV region Sunnhordland.

Lågaste arbeidsløysa sidan februar

I juni var arbeidsløysa med heilt og delvis ledige i Sunnhordland til saman 7,4 prosent av arbeidsstyrken. Dette er ein nedgang i høve mai på 2 prosentpoeng.

Publisert Sist oppdatert

– Me ser i juni den lågaste arbeidsløysa sidan februar. Det stadfester inntrykket av at arbeidsmarknaden i Sunnhordland normaliserer seg, litt etter litt. Me kjenner likevel til at fleire verksemder framleis står i vanskelege situasjonar, og følgjer utviklinga tett, seier Astrid Østerlid, leiar i NAV region Sunnhordland.

Lågaste arbeidsløysa i Sunnhordland i juni var i Kvinnherad og Fitjar kommune med 3 prosent heilt ledige, medan den høgste finn ein i Stord kommune med 5,3 prosent. Alle kommunane har ein nedgang i arbeidsløysa i høve mai månad.

I Sveio er det 112 heilt ledige. Det er 43 fleire enn på same tid i fjor, og utgjer 3,9 prosent av arbeidsstyrken. I heile Sunnhordland var det 1.228 heilt ledige i juni, 730 fleire enn på same tid i fjor.

Nedgang i permitterte

I juni var det 1.213 permitterte i Sunnhordland – 496 heilt permitterte og 714 delvis permitterte. Det er ein nedgang i høve mai på 600 personar.

– Særleg innan butikk- og salsarbeid og reiseliv og transport, men også i bygg- og anleggsbransjen ser me ein nedgang i talet permitterte. Me vonar andre næringar vil sjå same utvikling framover, seier Østerlid.

Mange kan ha behov for å kome i kontakt med NAV, også i ferien.

– Sjølv om våre tilsette avviklar ferie, vil me vera tilgjengeleg for publikum gjennom heile juli månad. Opningstidene finn ein på nav.no, seier Østerlid.

Over 5.000 færre ledige i Vestland

Talet på heilt arbeidsledige i Vestland fylke er redusert med over 5.000 personar frå mai til 15.572 ved utgangen av juni.

– Det er positivt at nedgangen i arbeidsløysa held fram. Sidan utgangen av april er talet på heilt ledige halvert i fylket vårt, seier Anne Kverneland Bogsnes, direktør NAV Vestland.

Mange av dei som blei ledige i mars no er kome seg ut i arbeid att.

– Av dei 37.000 som registrerte seg som heilt eller delvis arbeidssøkjande i mars, er over 20.000 allereie ut av statistikken att, seier Bogsnes.

Arbeidsløysa i Vestland er no på 4,6 prosent. Norge har noko meir med 4,8 prosent.

Reiseliv, transport, butikk og service

Om lag ein tredel av dei heilt ledige er 100 prosent permittert, og utgjer om lag 6.000 personar.

Det er flest ledige innan reiseliv og transport (2.616), butikk- og salsarbeid (1.795) og serviceyrke (1.740), men det er også i desse yrkesgruppene at arbeidsløysa går mest ned.  Det er færrast ledige innan jordbruk, skogbruk og fiske (167), akademiske yrke (233) og undervisning (387).

Store skilnadar

Samanlikna med i fjor finn vi størst auke i arbeidsløysa utanfor Bergen i Øygarden (+ 494 personer), Askøy (+418 personer) og på Stord (+362 personer). I Bergen kommune er det no 8.761 ledige, ein auke på 5.006 sidan juni 2019.

Det er høgast arbeidsløyse i kommunane Bergen (5,7 %), Aurland (5,6 %) og Ulvik og Fedje (begge 5,5 %), medan Fjaler (1,3 %), Vik (1,4 %), Gloppen og Gulen (begge 1,7 %) har lågast arbeidsløyse i Vestland.

Powered by Labrador CMS