nyhende

– Me ser no at talet går ned og er på same nivå som før sommaren, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.
– Me ser no at talet går ned og er på same nivå som før sommaren, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.

Lågast arbeidsløyse i Sveio

I september var arbeidsløysa i Sunnhordland 0,9 prosent heilt ledige av arbeidsstyrken. Det er ein nedgang på 44 personar samanlikna med august.

Publisert Sist oppdatert

Lågast arbeidsløyse var det i Sveio kommune (0,7 prosent) og Stord kommune (0,8 prosent). Snittet for heile Sunnhordland er på 0,9 prosent, som er lågare enn gjennomsnittet for både Vestland (1,6 prosent) og landet (1,8 prosent), skriv NAV region Sunnhordland i ei pressemelding.

Omsett i personar var det ein nedgang på 13 heilt arbeidsledige i Sveio og 14 på Stord. Den største nedgangen er det Bømlo som har med 26 færre arbeidsledige i september samanlikna med august. Det er desse tre kommunane som har den største endringa.

Same nivå som før sommaren

– Me følger tett med på utviklinga. Den seier noko om aktivitetsnivået i arbeidsmarknaden. Me ser no at talet går ned og er på same nivå som før sommaren, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.

I same periode registrer NAV ein stillingstilgang på 301, som er over 50 fleire enn førre månad.

– Stillingstilgangen har gått opp. Den er mest opp innan helse- og omsorgsnæringa, men også innan bygg- og anlegg ser me ein særleg oppgang, seier Lægreid.

Treng fleire arbeidsgjevarar til jobbmesse

NAV omtalar den gjeldande arbeidsmarknaden som stram. Det vil seia at der er underskot på arbeidssøkerar, og dermed at det kan vera vanskeleg for arbeidsgjevarane å fylla ledige stillingar.

– No trur me på å knytta verksemder som har eit behov for å tilsetta folk med nye grupper menneske. Her er flyktningar éi av desse, seier Håvard Lægreid.

NAV inviterer til jobbmesse for flyktningar 18. oktober i Stord kulturhus. Dei treng at arbeidsgjevarar melder seg på.

– Jobbmesse for flyktningar er trekt fram som eitt av ti tiltak frå ei hurtigarbeidande ekspertgruppe som såg nærare på kva som må til for å få fleire ukrainarar i arbeid. Me trur effekten kan vera stor også her i vår region, men treng at fleire arbeidsgjevarar melder seg på, seier Lægreid.

Powered by Labrador CMS