nyhende
Lagar fest for heile Sveio
Trond Halleraker var så vidt komen i gang med å arrangere konsertar i Sveio då pandemien stansa alt. No er han tilbake og klar for ein heilaftan han trur sveibuarane seint vil gløyme.
— Det ligg bra til, så det gjer ikkje noko at det blir høglydt.
Trond Halleraker møter Vestavind utanfor Førde Samfunnshus, og han peiker rundt seg.
— Forutan eit hus lengre ned i svingen er det både skjerma og god avstand til naboane. Perfekt for ein skikkeleg fest, meiner han.
Med seg har han samarbeidspartner frå selskapet Faders AS, Jan Inge Kvilhaugsvik.
— Samfunnshuset er også midt i Sveio, så betre samlingspunkt for heile kommunen finnast ikkje, seier Halleraker.
Endeleg fest
Laurdag 17. september er det duka for «Helaften», eit arrangement med både band, DJ og det største lys og lydshowet som nokon gong har vore i samfunnshuset.
For Halleraker er det ein kveld han har venta lenge på, i fleire år faktisk. Han hadde akkurat kome i gang med selskapet sitt Førde Event då korona-pandemien trefte verda. Dei rakk berre å helde to store konsertar før nedstenginga, og måtte avlyse to andre komande konsertar.
Halleraker og Kvilhaugsvik starta sitt samarbeid gjennom flytting av ein konsert, og har sidan jobba mykje saman.
Dei er glad pandemien er over, men dei merkar framleis etterverknadane av koronaen.
— Publikum er der, men dei har hatt to år på vene seg til å gjere andre ting enn å gå på konsertar, fortel Kvilhaugsvik.
— Difor trur eg bygdefolket vil sjå kvarandre igjen og kose seg, seier Halleraker.
Lokalt band og DJ
Dei gler seg begge til laurdagskvelden. Då speler først det Sveio-baserte bandet Lystgass.
— Dei har tatt Haugalandet med storm. Det er ekstra kjekt å kunne by på eit lokalt band, seier dei.
Den lokale gruppa vert etterfølgd av DJ Reine, som er artistnamnet til Per Ivar Reine. Eit namn som mange vil kjenne igjen frå mellom anna Radio 102 og TV Haugaland.
Felles for begge artistane er ein solid mengde utstyr, både i form av lys og lyd.
— Vi køyrer botn gass, seier Halleraker.
For begge to er det ein kunstform å få til perfekt lyd, og då gjeld det å dekke lokalet med nok høgtalarar.
— For meg er det alfa og omega å kjenne høgtalarane i brystet, fortset Kvilhaugsvik.
Men, det kostar med kvalitet. Til saman er det eit sjusiffera beløp som står bak alle innkjøpa.
18-årsgense
Det vert 18-års grense grunna alkoholsal, saman med annan drikke og litt mat for dei svoltne.
Ramma for kvelden er sat slik at det skal vere god plass til myndige sveibuar i alle aldrar å møtast. Det er noko Halleraker har sakna.
— Når eg er i Haugesund kan det vere eg møter ein eller to sveibuar. Her møter du berre lokale og kjende, seier han.
Då kan det verte ein kjekk kveld med både unge og eldre saman. Det var meir vanleg å blande generasjonar før i tida seier Halleraker, og håpar det kan skje igjen.
— Vi legg til rette for at bygda skal lage gode minne med kvarandre, som dei hugsar i lang tid, fortel dei.
Berre starten
Draumen er at laurdagens heilaftan gjev ein meirsmak dei kan bygge vidare på rundt om i Sveio.
— Det er mange mogelegheiter i Sveio, seier Halleraker.
Han meiner det er flust med flotte stader og bygg kor ein kan samlast og kosa seg. Og, om det ikkje skulle vere eit lokale til lån i nærleiken, står han klar med eit enormt partytelt.
— Eg kunne godt tenke meg å arrangere noko for born og familiar, seier Halleraker.